Ikkje alle lærarar blir vaksinerte før skulestart

Helseminister Bent Høie (H) erkjenner at ikkje alle tilsette i skular og barnehagar får beskytta-status til skulestart.
Innenriks

Det er i eit svar på eit skriftleg spørsmål frå Stortinget at Høie skriv dette, ifølgje NRK.

I svaret viser helseministeren til at det nyleg vart klart at Noreg får færre vaksinedosar enn det ein først rekna med i sommar.

– Alle vil derfor ikkje vere beskytta (det vil seie at det er gått 3 veker frå første dose) før skulestart. Særleg vil det gjelde dei yngre tilsette, skriv han i svaret til Stortinget.

Aps utdanningspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg, som sende Høie spørsmålet, reagerer.

– Det er veldig skuffande og avslører at det regjeringa lova var eit luftslott, seier han til kanalen.

Det var i juni at regjeringa gav kommunane moglegheit til å prioritere lærarar og barnehagetilsette i vaksinekøen i kjølvatnet av opplysningar om reduserte vaksineleveransar.

Statssekretær Erlend Svardal Bøe (H) i Helse- og omsorgsdepartementet understrekar at prioriteringa vart justert for å sikre at flest mogleg tilsette skulle vere verna ved skule- og barnehagestart.

(©NPK)