Halv milliard til program som skal gi sikrare såfrø

Noreg skal dei neste ti åra støtte til programmet BOLD, som skal sikre betre såfrø og dermed auka mattryggleik, med ei ramme på oppunder 500 millionar kroner.

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.   Foto: Foto: Marit Hommedal / NTB

Innenriks

– Vi står midt i ei matkrise, medan flaum, tørke og hetebølgjer gjer vondt verre verda over, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) i ei pressemelding.

– Derfor inngår Noreg no ein tiårig avtale med Global Crop Diversity Trust som skal bidra til betra mattryggleik og at sårbare småbønder får auka sjanse for gode avlingar sjølv med meir ekstremvêr, seier han.

Gjennom programmet BOLD skal Global Crop Diversity Trust jobbe for å forbetre dei genetiske eigenskapane til såfrø slik at dei toler meir ekstremvêr.

(©NPK)