Positive signal for barn og unge – breiddeidretten må vente

Vaksne utøvarar utanom toppfotballen må stadig vente på signal om når dei kan trene med kontakt og konkurrere.
Sport

Onsdag vart det kjent at helsestyresmaktene jobbar mot oppmjuking av regelverket for barn og unge i idretten frå seinast 15. juni.

Dette inneber sannsynlegvis trening med full kontakt i grupper på inntil 20 personar, og det er heller ikkje umogleg at det vil bli opna for kampaktivitet i enkelte eller fleire idrettar for utøvarar opptil 20 år.

For breidde- og bedriftsidretten, treningsstudio og toppidrett utanom fotballen er situasjonen likevel uendra. Dermed må til dømes 2. divisjonsspelarar i fotball, eliteseriespelarar i handball og topputøvarar i kampsport framleis halde éin meters avstand på trening og følgje alle dei andre smittevernreglane på ubestemt tid.

– Vi har bede om at vurderinga gjeld barn og unge. Det er dei som er høgast prioriterte. Vi skal opne Noreg gradvis og kontrollert, og då må vi ha rekkjefølgje på ting. Vi har sagt at skulen er veldig viktig og har prioritert han, men barne- og ungdomsidrett er òg viktig, seier helseminister Bent Høie (H) til NTB.

Han har bede Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om å greie ut når barne- og ungdomsidretten kan kome i gang. Det er uvisst når annan idrett kan omfattast av ei slik vurdering. Frå før har toppfotballen (to øvste nivå) fått klarsignal for både trening og kamp.

– Dette handlar om at barn og unge er spesielt sårbare i koronakrisa. Det er naturleg å prioritere barne- og ungdomsidretten. Vi må ta dette gradvis og kontrollert for å sikre at vi ikkje får negative konsekvensar når vi tek eit nytt steg, seier helsedirektør Guldvog.

(©NPK)