Siste natt med gjengen nærmar seg for Storbritannia og EU

Når kalenderen viser 1. februar, er Storbritannia ute av EU. I det siste døgnet som medlem er det både tid for tilbakeblikk og for å sjå framover.
Utenriks

Markeringa av det som blir «siste natt med gjengen» – elles ein film som kom ut i 1973, same år som britane vart med i EU – vil variere med haldninga til brexit. Det er nok dei som skal feire, som vil vere mest synlege.

Fest og refleksjon

Brexitgeneralen framfor nokon, Nigel Farage frå Brexitpartiet, har invitert til fest framfor det britiske Parlamentet fredag kveld. På sjølve utmeldingstidspunktet klokka 23 i London, midnatt i Brussel – skal eit orkester spele nasjonalsongen. For mange av dei som har kjempa for å forlate EU, handlar brexit om å ta tilbake nasjonal kontroll – eller sjølråderetten, som var omgrepet som vart brukt i den norske EU-debatten.

Tidlegare finansminister Ken Clarke er blant dei som ikkje skal feire det nye utanforskapet, men heller bruke kvelden til refleksjon.

– Eg er framleis svært skuffa. Eg høyrde snakk om å ringe med klokker. Dersom nokon faktisk får til det, håper eg dei legg an ein langsam og sørgande tone, seier han til BBC.

Nye forhandlingar

Tre og eit halvt år etter at eit knapt fleirtal – 51,9 mot 48,1 prosent – stemte for å ta Storbritannia ut av EU er altså 47 års medlemskap over. Samtidig er det mange som har minna om det same som Anthea McIntyre sa i EU-parlamentet onsdag kveld:

– Vi er alle europearar. Vi forlèt rett nok dei europeiske institusjonane, men vi forlèt ikkje Europa, understreka politikaren frå Storbritannias konservative parti.

Korleis forholdet til Irland og til naboane på den andre sida av kanalen blir, er den store oppgåva britane umiddelbart skal ta fatt på. Skilsmisseavtalen med EU legg opp til ein overgangsperiode som varer ut året. I den tida gjeld alle forpliktingar og rettar som følgjer med det avbrotne medlemskapet, men britane har altså ikkje lenger nokon plass ved bordet.

Eit snautt år

Dei elleve gjenverande månadene av året er òg den tida som er tilgjengeleg til å forhandle om det framtidige forholdet til EU. Det viktigaste å få på plass er ein handelsavtale, ein prosess som vanlegvis tar betydeleg lengre tid. EU og Canada trong sju år på å komme i hamn.

Michel Barnier forhandla fram brexitavtalen på vegner av EU, og han har òg fått oppdraget med å leie dei kommande forhandlingane. Han har fleire gonger sagt at forholdet kan henge på kanten av stupet innan året er omme.

– Runde éin er over. No må vi bygge opp att alt saman, sa han på ein pressekonferanse i Dublin måndag.

Johnson håper å få til ein frihandelsavtale med EU innan nyttår. I tillegg skal det forhandlast om justissamarbeid, luftfart, fiske og energi.

Vanskeleg å spå

Den avtalte overgangsperioden kan rett nok utvidast med inntil to år, men statsminister Boris Johnson har gjort det klart at det er uaktuelt. Den britiske brexitlova inneheld til og med eit punkt som gjer utsetjing ulovleg.

Dermed må alt falle på plass innan eit snautt år. Utan ein avtale eller ei utsetjing, kan landet igjen stå overfor ein «no deal»-situasjon, ei utmelding utan ein avtale. I så fall vil EU behandle Storbritannia som alle andre som ikkje har nokon avtale, og handelen vil vere regulert av avtaleverket i Verdshandelsorganisasjonen (WTO).

Parallelt med dette skal britane forhandle om ein avtale med USA. Også Noreg må få på plass nye avtalar med Storbritannia, sidan brexit òg inneber eit farvel til EØS-avtalen for britane.

Med tanke på dei tallause politiske krumspringa og overraskingane i året som har gått, er det neppe nokon som kan spå kva britane har i vente i det året som så vidt har byrja.

(©NPK)