Sanner avviser trussel mot nordisk samarbeid

Norden-minister Jan Tore Sanner seier Sverige må få ned smitten før grensene kan opnast. Han trur nordisk samarbeid kan komme styrkte ut av krisa.
Utenriks

I eit intervju med nyheitsbyrået TT seier den svenske Norden-ministeren Anna Hallberg at ho er uroleg for det nordiske samarbeidde i kjølvatnet av koronakrise og stengde grenser.

Handteringa av pandemien kan setje varige spor, åtvarar ho.

Finansminister Jan Tore Sanner (H), som er ministeren til den norske regjeringa for nordisk samarbeid, meiner på si side at stengde grenser har vore nødvendig for å få koronasmitten under kontroll.

Så langt har regjeringa berre opna for reiser til og frå tre regionar i det sørlege Sverige.

– Sverige har valt ein litt annan strategi enn Noreg og har hatt meir omfattande smitteutbrot enn vi har hatt. Etter kvart som også Sverige får ned smittespreiinga, vil vi kunne opne grensene òg mot resten av Sverige, seier Sanner i ei skriftleg fråsegn til NTB.

Han seier han opplever forståing og respekt for dei ulike avgjerdene i landa.

– Vi er samde om behovet for å evaluere og lære når krisa er over. Eg har tru på at Norden som region og det nordiske samarbeidet vil komme styrkt ut av krisa, seier han.

(©NPK)