EU-leiarane har oppnådd semje om korona-krisepakke

EU-leiarane har vorte samde om ein historisk korona-krisepakke som skal dempe øydeleggingane som koronapandemien har utløyst, opplyser EU-presidenten.
Utenriks

Kompromisset vart inngått tidleg tysdag morgon etter maratonforhandlingar som starta fredag.

Striden dreidde seg om kor mykje i den omstridde krisepakken som skal vere tilskot og kva som skal vere lån.

Opphavleg kravde Nederland, Sverige, Danmark og Austerrike, kjent som «dei sparsame fire», at all krisehjelp måtte bli gitt som lån. Etter kvart har dei godteke ein kombinasjon av lån og tilskot i byte mot rabatt på EU-kontingenten.