EU skal kutte 55 prosent av utsleppa innan 2030

Innan 2030 skal EU-landa kutte minst 55 prosent av klimagassutsleppa. Det nye klimamålet vart vedteke på toppmøtet i Brussel, tvitrar EU-presidenten.
Utenriks

– Europa leier an i kampen mot klimaendringane, skriv Charles Michel på Twitter.

Trass signal om brei semje før møtet, sat avgjerda langt inne. Torsdag kveld vart til natt og så til fredag morgon før leiarane var samde. Ifølgje Politico var det på eit tidspunkt fleire ulike utkast som vart diskuterte, noko som gjorde samtalane meir kompliserte.

Det nye målet er ei betydeleg skjerping frå det førre målet om å kutte 40 prosent. Begge kutta er baserte på utsleppsnivået i 1990.

– For ein måte å feire eittårsdagen for den grøne given vår. Dette set oss på ein kurs mot klimanøytralitet innan 2050, kommenterer EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen berre sekund etter kunngjeringa til Michel.

Leiarane i EU-landa ber no resten av EU-institusjonane å ta inn 55 prosentmålet i klimalova i unionen.

Det har vore eit ønske at det nye målet skulle vere klart på FNs klimatoppmøte, som blir halde denne helga. Innan utgangen av året skal EU òg oppdatere sitt såkalla nasjonalt bestemte bidrag, som er ein del av Parisavtalen.

(©NPK)