Parler er nede

Amazon, som eig serverane som Parler har brukt, har teke det konservative sosiale mediet av internett.
Utenriks

I eit brev til Parlers eigarar har Amazon skrive at Parler ville bli stengt ved midnatt søndag. Amazon varslar at Parler kan miste tilgangen til serverane deira permanent fordi dei ikkje har rydda opp i valdelege ytringar. Google og Apple har òg fjerna Parler frå app-butikkane sine.

Fleire nettstader som følgjer med på om ulike nettstader er nede, stadfestar at Parler er nede måndag morgon norsk tid.

Parler blir av mange sett på som eit alternativ til Twitter etter at mikrobloggtenesta stengde ute president Donald Trump og mange av støttespelarane hans.

Parler-sjef John Matze skulda søndag teknologigigantar som Amazon for å føre krig mot ytringsfridommen.

– Dei vil IKKJE vinne. Vi er det siste håpet for ytringsfridommen, sa han.

I byrjinga tiltrekte Parler seg mange svært konservative og også høgreekstreme brukarar, men i den seinare tida har fleire tradisjonelle konservative stemmer òg teke i bruk plattforma.

Fox News-stjerna Sean Hannity har 7,6 millionar følgjarar, medan kollegaen hans Tucker Carlson har 4,4 millionar.

(©NPK)