Svensk politi: Over 100 tonn narkotika blir smugla kvart år

Narkotikasmuglinga til Sverige kan vere langt større enn tidlegare anteken, meiner svensk politi, som anslår at det kan dreie seg om 100–150 tonn i året.
Utenriks

Talet er gitt att i ein studie frå svensk politi. Der går det fram at politiet meiner svensk rettsvesen er underdimensjonert til å handtere problemet.

Ifølgje overslag frå Centralförbundet för alkohol- och narkotikaupplysning (CAN) blir cirka 15 tonn narkotika konsumert i Sverige i året.

Talet til politiet på 100–150 tonn er baserte på opplysningar frå den krypterte europeiske kommunikasjonstenesta EncroChat, som vart nytta av kriminelle inntil ho i fjor vart infiltrert av politi og stengd.

Svensk politi opplyser rett nok at ei rekkje usikkerheitsfaktorar er knytte til talet, sidan det er basert på opplysningar frå eit avgrensa tidsrom og sidan EncroChat er einaste kjelde.

Brusambandet mellom Danmark og Sverige er den vanlegaste smuglarvegen til landet, men også andre grenseovergangar blir brukte, ifølgje rapporten frå politiet.

(©NPK)