Sverige har høgast smittetrykk i Europa

Sverige har for tida det høgaste smittetrykket i Europa, med 577 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene. Malta har det lågaste smittetrykket i EØS.
Utenriks

Ifølgje EUs smittevernkontor ECDC følgjer Litauen og Kypros på plassen bak Sverige med høvesvis 563 og 522 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste vekene. For Malta er talet 25.

Noreg er nummer 24 av dei 30 landa på lista med 108 smitta per 100.000 innbyggjarar.

Det siste døgnet er det registrert to koronarelaterte dødsfall i Sverige. Så langt er 14.351 menneske døde som følgje av pandemien, viser tal frå Folkhälsomyndigheten. Det er registrert 1.055.173 smittetilfelle i landet, 3.411 av dei det siste døgnet.

Med eitt dødsfall det siste døgnet er Danmark i 2.506 døde under pandemien, medan det er registrert 270.557 smitta. Det siste døgnet har 1.214 personar fått påvist smitte, opplyser Statens Serum Institut.

160 covid-19-pasientar er no innlagde på danske sjukehus. 33 av dei ligg på intensivavdeling, 22 med respirator.

(©NPK)