På sine eigne nettsider og på sosiale medier annonserer avisa onsdag kveld at dei er konkurs, og at dei ikkje rakk å få siste utgåve i trykken før dei gjekk konkurs. Meldinga under er lagt ut på nettsidene, og er underskrivne av Jan Erik Andreassen som er redaktør, og Carina Giskegjerde som er journalist:

Takk for oss!

Alle ting har ein ende, ingen ting varer evig. Dette veit vi, slik er naturen. Likevel er det slik at når det skal setjast eit endeleg punktum, særleg etter eit kapittel som har vore kjekt, spennande og lærerikt, så utløyser det mange ulike kjensler.

Vi to som skriv desse orda, og som har skrive dei fleste orda som har stått på trykk i Øy-Blikk dei siste åra, har fått dele eit flott, men etter kvart litt vel spennande, kapittel i Øy-Blikk si historie. Vi kom inn som journalistar på starten av året 2011 og møtte eit lite, men høgst profesjonelt og hardt arbeidande avismiljø. Og rundt dette vesle redaksjonsmiljøet eit levande lokalsamfunn med mange engasjerte innbyggjarar. I dette miljøet har vi lært og opplevd mykje positivt og møtt mange flotte menneske.

Det å drive ei lita lokalavis i våre dagar kan minne om å balansere på line, utan sikringsnett. På den eine sida er det utruleg kjekt og utfordrande. Men på den andre sida er det nesten uråd å få økonomien til å henge i hop. Øy-Blikk har slite med dårleg, til tider svært dårleg, økonomi dei siste åra. Sjølv om vi har stramma inn på utgiftene, kutta i stillingar og gjort mange ulike forsøk på å styrke inntektene så har det dessverre ikkje nytta. Marginane er små og mange faktorar har til saman gjort det vanskeleg, og til slutt uråd, å få lønsemd i drifta.

At vårt kapittel i avisa også skulle bli det siste kapitlet i soga til Øy-Blikk hadde vi likevel ikkje trudd. Vi to er sikra, – på mandag er vi på plass i kvar vår nye og utfordrande jobb. Men i Øy-Blikkredaksjonen skal ingen gå på jobb lenger og dessverre blir ein god kollega no arbeidslaus. Og i postkassene vil det ikkje lenger ligge eit fersk eksemplar av Øy-Blikk kvar torsdag morgon. Vi har prøvd å vere ein fri og freidig informasjonskanal for hendingar og meiningar. Og vi trur at ei lokalavis har ei viktig rolle å spele i eit samfunn som Giske.

Heilt til slutt vil vi takke styret i avisa som har kjempa for å sikre vidare drift, alle vi har møtt og samarbeidd med desse åra, og, framfor alt, alle lesarar, abonnentar og annonsørar. Takk for oss!

Les også: Øy-Blikk kan måtte leggje ned

Les meir om denne saka i Sunnmørsposten, torsdag.