Kanskje kan vi få store mengder sjøfugl tilbake til Sør-Norges einaste fuglefjell, på Runde. Nedgangen som har vore i fuglebestandane viser i alle fall at noko alvorleg skjer med økosystema i Nordsjøen.

No må Norge og EU endre fiskeripolitikken, slik at mangfaldet av fisk kan kome tilbake til Nordsjøen og langs kysten av Sør-Norge. Det meiner pensjonert havforskar Johannes Hamre. I ei rekke år var han forskingssjef ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

No har han skrive ein kronikk i Bergens Tidende stila til statsminister Erna Solberg. Om halvanna veke kjem han på sjøfuglseminar i Herøy.

Mangfald

Hamre fryktar at økosystemet står i fare for å kollapse i Nordsjøen og langs kysten av Sør-Norge.

Fleire hundre tusen fuglar har forsvunne frå fuglefjellet på Runde: krykkje, alke, lomvi, skarv og havhest. Dette er eit symptom på at noko er gale i havet.

Men han meiner også at det er muleg å gjenopprette økobalansen. Då er det to tiltak som er nødvendig, meiner han:

Fuglematen

Vi må slutte å fiske tobis, også kjent som sil, i Nordsjøen. Sil er sjøfuglen sin viktigaste mat men er ramma av kraftig overfiske over mange år.

– Tobisen er no så godt som heilt borte, dette har gått utover bestandane av både fisk og fugl, skriv Harme i kronikken.

Tobis, eller sil, blir i dag brukt til fiskeolje og til oppdrett.

– Vi må stoppe alt fiske inntil stammen er bygt opp att, skriv Hamre til statsministeren.

Inntrengjaren

I tillegg er det altfor mykje makrell i havet. Her er det er nødvendig med eit kraftig innhogg, meiner han. Makrellen beitar på yngel til annan fisk og truar dermed andre fiskestammar.

Hamre meiner skurken er den vestlege makrellen som gyter vest av dei britiske øyar. Han meiner den har trengt seg inn i Nordsjøen, der den gjer langt meir skade enn nordsjømakrellen.

– Eit samarbeid med EU er særs viktig for å gjenopprette økobalansen i Nordsjøen og på norskekysten slik den var før overfisket av tobis tok til. Det inneber at vi må fiske ned stammen av vestleg makrell, og stoppe alt fiske av vaksen tobis inntil stammen er bygt opp att, skriv den pensjonerte forskaren i kronikken.

Klar tale

Og det er ingen tvil om at dette er klar tale.

– Det er nødvendig med klar tale i eit så alvorleg tema, seier Johannes Hamre til Smp.no

– Og når andre tvilar, kjem det av ting vi ikkje veit men burde vite, nemleg kva makrellen et i våre farvatn, seier Hamre.

Han meiner inntrengjaren frå vest er den største skurken.

– Nordsjømakrellen gyter seinare enn sild og tobis. Silde- og tobisyngelen har passert når nordsjømakrellen gyter. Dermed har den ikkje same innverknad, dette har vi ganske sikre data på, ifølgje Hamre.

– Det er den vestlege makrellen som er opphavet til synda. Den må fiskast opp så mykje at den held seg unna Nordsjøen. Då er vi nøydd til å få til eit samarbeid med EU, som kontrollerer gytefelta vest av Storbritannia, seier Hamre.

Oppfølgjar

På Runde Miljøsenter er dagleg leiar Nils Roar Hareide einig i at makrellen har stor innverknad på sjøfuglbestanden langs kysten.

Etter fjorårets sjøfuglseminar på Runde, «Ingen Lunde?», følgjer Runde Miljøsenter no opp med «Ingen lunde II – Nordatlantisk sjøfuglseminar».

Då kjem det forskarar frå ei rekke land rundt Nordsjøen. Alle som vil kan kome og høyre på.

– Dei er verdsleiande forskarar på dette. Eg veit også at dette er eit tema folk flest ønskjer å få vite noko om. Dette ønskjer folk i Herøy og i heile landet å vite svar på, seier Hareide.

– Om du ikkje er like sikker som Harme, er det ikkje eit poeng å vere 'føre var' i eit så alvorleg tema?

– Det er eit veldig relevant spørsmål som vi må diskutere, om vi skal få la tobisen får vere i fred og la dei fiske makrell i staden. Då har vi løyst eit problem utan at nokon taper pengar, seier Hareide.

Ubesvarte spørsmål

– Når det gjeld tobis, er det likevel mange ubesvarte spørsmål: Genetikk, vandringsmønster og larvedrift, seier Hareide vidare.

– Poenget er at tobisen er ein nøkkelbestand i Nordsjøen. Men den er nesten ikkje forska på. Og det er ikkje slått fast at fisket i Nordsjøen faktisk har innverknad på tobisbestanden langs kysten.

– Dermed er det ikkje sikkert at det er fiskerinæringa som er viktigaste årsak til nedgangen i tobisbestanden. Det er ganske sannsynleg at det har med fiskeri å gjere, men vi må også undersøke kva andre faktorar som kan verke inn, elles blir ikkje diskusjonen skikkeleg, understrekar Nils Roar Hareide.

Aukar makrellkvotane

Men at makrellen er ein av syndarane, det er Hareide heilt sikker på. Det trur også havforskar Leif Nøttestad ved Havforskningsinsituttet i Bergen.

I fjor vart det registrert makrell på eit område seks gonger større enn Norges landareal. Frå 2013 til 2014 vart uttaket av makrell dobla. Og han trur at dei kanskje vil anbefale enno større makrellkvotar i år. Det vil årets internasjonale kartleggingstokt med tråling i overflata i Nordaustatlanteren gje klarare svar på.

– Vi veit at lokalt kan makrell støvsuge for eksempel sildeyngel. Større uttak av makrell gir truleg mindre nedbeiting av sildelarvar, og meir mat til sjøfuglane, seier Nøttestad, som er leiar for forskinga på makrell i Norge.

Ikkje så enkelt

Nøttestad understrekar at han likevel ikkje trur samanhengen er så enkel som Hamre gir uttrykk for.

– Vi har foreløpig lite kvantitative data på kor mykje makrellen eigentleg verkar på andre fiskeartar og sjøfugl langs norskekysten om sommaren, seier Nøttestad. – Her gjer Havforskingsinstituttet mykje innovativt arbeid for å komme nærare sanninga, slik at vi kan få til ei mest muleg fornuftig forvaltning og utnytting av makrellen som også tar omsyn til andre artar.

– I tillegg kan vi bli overraska av utilsikta konsekvensar dersom vi gjer for store inngrep. Vi ikan kkje forvalte oss tilbake til situasjonen som var på 50-60-talet eller 80-90-talet, det er ein utopi. Vi kan ikkje designe naturen gjennom forvaltning, understrekar Nøttestad.

– Dei marine økosystema er altfor dynamiske og komplekse til det.

Internasjonalt

Det er ikkje berre på Runde at det er nedgang i sjøfuglbestanden. Det skjer også i fleire land rundt Nordsjøen, sjølv om problemet kanskje er størst på Runde.

I år blir derfor også sjøfuglseminaret internasjonalt. Både fiskeriforvaltning og forskarar frå fleire landa rundt Nordsjøen kjem.

«Kva skjer med sjøfuglebestandane på Runde og Norskekysten? I Storbritannia? I Nordsjøen? Og på Island, som har Europa sin største lundekoloni?» spør Runde Miljøsenter i invitasjonen.

«I kva grad er dei dramatiske endringane som skjer for fleire av sjøfuglbestandane indikasjonar på meir djuptgripande endringar i økosystema i havet?» spør dei vidare.

Dei listar opp ei rekke mulege årsaker: Klimaendringar, fiskeriforvalting, bifangst av sjøfugl, miljøgifter som plastforureining, petroleumsverksemd, utilsikta rømming av framande artar som til dømes mink, mattilgang.

– I år har vi ei internasjonal vinkling på det. Det same skjer på Island og i Skotland. I heile Nordatlanteren er det nedgang for sjøfuglar, men på Runde ser det ut til å vere mest dramatisk.

– Målet er å bygge opp forskingssamarbeid på tvers av landegrensene rundt Nordatlanteren, seier Hareide.

Les også: KOMMENTAR: Stille i fuglefjellet på Runde

Nye tiltak

Etter fjorårets seminar på Runde om sjøfugl er det gjort fleire positive tiltak, seier leiaren av Runde Miljøsenter.

– Arbeidet er i gang med å kartlegge tobisen sine leveområde langs kysten. Dei ulike naturtypane rundt Runde, frå Ålesund til Stad, er under kartlegging.

– Havforskingsinstituttet ønskjer å setje i gang eit prosjekt med tobis langs heile kysten, med Runde som case, men dette er ikkje finansiert enno.

– Det er også løyvd to millionar kroner frå Miljødepartementet til tverrfagleg forsking på sjøfugl og kva som er gale i fuglefjellet.

Fuglefjellet er Runde er det einaste fuglefjellet ikkje berre i Sør-Norge. Det er fuglefjellet også til Oslo, Brussel og Paris, held Nils Roar Hareide fram.

– Runde skal bli ein møteplass for forskarar på dette området. Vi gjer dette for å få fart i sakene. Det er for dårleg at vi ikkje veit. Vi treng framdrift, seier Nils Roar Hareide.

Makrell. Foto: Knut Arne Arset / Illustrasjonsfoto
Johannes Hamre var i ei rekke år forskingsleiar ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Bildet er tatt då han besøkte Aalesunds Rederiforening for nokre år sidan. Foto: Svein Aam
Arkiv. Leif Nøttestad leier forskinga på makrell ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Foto: Havforskingsinstituttet
Nils-Roar Hareide frå Runde Miljøsenter var til stades under utstillingsopninga på «Kaldt hav - heite spørsmål» ved Naturhistorisk museum i Oslo. Foto: Unni Irmelin Kvam / Naturhistorisk museum