Fredag skreiv Sunnmørsposten om Avinor som krev at det blir slutt på ulovleg parkering på Vigra med bakgrunn i at Fylkesmannen har omgjort Giske kommune sitt vedtak om dispensasjon.

BAKGRUNN: Avinor i strupen på konkurrent

Gav dispensasjon

Det var i starten av fjoråret at Giske kommune gav mellombels dispensasjon i fem år til parkeringsverksemd på Vigra. Då fekk Avinor konkurrentar, og prisane har blitt pressa ned for forbrukarane.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tatt dispensasjonen tilbake. Difor er Avinor tydeleg på at PlussPark driv ulovleg, og i strid med reguleringsplanen for området. Avinor har no sendt brev til Giske kommune med klar beskjed om å rydde opp, og følgje Fylkesmannens konklusjon.

– Eg registrerer klaga frå Avinor og deira krav, så får vi vurdere saka politisk etter sommaren, seier Giske-ordførar Knut Støbakk (KrF).

Forundra

Han er litt forundra over måten det blir gått fram på, sidan Giske kommunestyre gjekk samrøystes inn for dispensasjon.

– Då meiner eg Fylkesmannen og Avinor burde ta dei signala på at kommunestyret ville ha dette her, og ville ha konkurranse, seier Støbakk.

Ordføraren vil understreke at han ikkje vil føregripe saksbehandlinga, men ser ikkje vekk frå at ei omregulering kan bli aktuelt for området. Skjer det, treng ikkje PlussPark å leggje ned drifta.

Buss

– Det er ikkje tvil om at konkurranse er gunstig for forbrukaren. Eg skulle helst sett at folk brukte mykje meir buss, men bilen blir uansett brukt, og då burde det vore konkurranse slik det er på dei fleste andre flyplassar, seier han.

Støbakk vil vente å sjå kva PlussPark og Aktiv Drift Norge AS kjem med i sitt forslag til reguleringsplan, og ta saka derifrå.

– Dei har signalisert vilje til utbygging, påpeiker ordføraren.

Feil i saksbehandling

Årsaka til at Fylkesmannen kunne prøve alle sider av saka var at Giske kommunestyre tok stilling til realitetane i den, sjølv om dei avviste klaga frå Avinor. Konklusjonen blei at dispensasjonen ikkje var i samsvar med plan- og bygningslova.

– Ein dispensasjon til å nytte næringsareal til parkering når det finst tilgjengeleg areal som er regulert til parkering, vil vere ei tilsidesetting av dei omsyna som ligg bak sjølve reguleringsplanen, men også omsynet i lova, om at styring av arealbruk skal skje gjennom bruk av planverk, skriv Fylkesmannen mellom anna i sitt vedtak.