Bølgekraftverk:

Trur på gjennombrot for bølgekraft

Håper på samarbeid med skipsindustrien på Sunnmøre for produksjon av bøyer til bølgjekraftverk.

Bølgekraft Arkiv. I slutten av september vil dei setje opp ei bøye for bølgjekraftproduksjon ved Runde. Fv styreleiar Jan Melsom i Waves4Power AS, dagleg leiar i Waves4power AB Ulf Lindelöf. Svein Gjelseth th. i Vanylven utvikling har vore døropnar i prosjektet.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Herøy kommune har ingen innvendingar mot eit bølgekraftverk ved Runde.

– Ein har ingen særskilde merknader til søknaden og dei framlagde planane, og kan tilrå at det vert plassert ut eitt test- og demonstrasjonsanlegg på tre år frå det tidspunkt løyvet vert gitt, skriv ein einstemmig maritim og teknisk komite i Herøy.

Det er eit svensk selskap som meiner dei er nær gjennombrot for kommersialisering av bølgekraft. I september vil dei legge ut ei testbøye som skal produsere kraft ved Runde.

Tøffe vêrforhold

Vêrforholda ved Runde kan vere tøffe. Ved tidlegare forsøk har bøyene blitt skylt inn i fjøresteinane. Dei ny bøyene skal tole meir.

– Våre bøyer er konstruert for 24 meters bølger, seier Ulf Lindelöf, dagleg leiar i Waves4Power, men innrømmer at dei ikkje har prøvd ut oppfinninga si i så tøffe vêrforhold før.

– Tre elastiske forankringar i botn skal gjere at bøyene følgjer bølgene. Ved eit tidlegare forsøk skulle ein vaier halde bøyene på plass, det viste seg å ikkje gå, seier Lindelöf.

Han fortel at 24 meters bølger blir rekna som ei såkalla 50-årsbølge, og at det er meir normalt med bølger opptil 12 meter ved Runde vinterstid.

Runde Miljøsenter

Bøya dei legg ut er venta å produsere straum til 15 husstandar. Og Runde Miljøsenter vil bli forsynt med bølgekraft.

Dei kommersielle anlegga skal etter planen kome utanfor kysten av Norge, kanskje også utanfor kysten av Storbritannia.

– Dette er ikkje eit eksperiment, men eit fullskala anlegg. Og vi er ikkje her berre for å teste og forsvinne, men vi vil gjere mykje i samarbeid med Runde Miljøsenter, sa Ulf Lindelöf, dagleg leiar i Waves4Power, til Sunnmørsposten i juni.

Også GCE Blue Maritime i Ålesund har sagt at dei vil forske på utnytting av energi frå vind og bølger. Og Havkraft AS i Måløy har ein prototyp med ein bølgjekraftteknologi dei meiner er meir effektiv.

Bølgekraft tapte i 30 år

Teknologien til Waves4Power er utprøvd i Sverige, i bølger opp til åtte-ni meter. Ei større bøye for større bølger er no under produksjon i Falkenberg.

– Bølgekraft har tapt i 30 år, men no hender det mykje, meiner Lindelöf og viser til at EU har som mål at i 2050 skal 15 prosent av elektrisk energi kome frå bølgjer og tidevatn.

Det svenske selskapet spring ut frå folk med gode idear. Fleire forskarar ved Chalmers tekniska högskola i Göteborg har vore med, og utviklinga har i stor grad vore gjort på dugnad i over 30 år. No har dei fått med store selskap som partnarar, blant anna Siemens.

Følg Smp.no på Facebook

Til fiskeoppdrett

I juni  gav også Enova tilsegn om støtte til å vidareutvikle teknologien til også å kunne nyttast til elektrifisering av fiskeoppdrett.

– Vi har ein visjon at det i 2021 er store bølgeparkar utanfor Norge som forsyner oljeplattformer. Draumen er at Norge skal bruke grøn energi til å pumpe olje, seier Lindelöf.

Det er fleire grunnar til at selskapet vender seg mot Norge. Store bølgjer, lang kyst og relativt lite skipstrafikk er gode grunnar, men ikkje minst finst det kunnskap og kompetanse.

Skipsverft på Sunnmøre

– I Sverige har vi ingen skipsverft igjen, og vi har ingen offshore-industri, seier Lindelöf og legg til at det treårige prosjektet på Runde forhåpentlegvis er starten på noko større.

– Dette skal ikkje vere ei døgnfluge og misbruk av gjestfridom. Det blir langvarig, seier styreleiar Jan Melsom i det norske dotterselskapet som er etablert som følgje av satsinga.

Han ser på Sunnmøre som spesielt interessant på grunn av skipsverfta.

Fleire norske verft fekk spørsmål om å produsere bøya, men ingen hadde kapasitet. Håpet er at bøya skal kunne produserast på Sunnmøre når teknologien skal kommersialiserast.

Mykje stål

Svein Gjelseth har kome i kontakt med selskapet gjennom Vanylven utvikling. Han har vore døropnar for å få prosjektet vidare.

– Dette er eit kjempespennande prosjekt, med teknologi av ypparste klasse, seier han.

Bøyene er store og høge, men berre ein liten del av dei vil vise over vatn. Kvar bøye vil innehalde 40 tonn stål.

– Vi ser på om det er mogleg å få til produksjon av bøyer i Vanylven. Der er mykje flinke folk som kan stålarbeid, seier Gjelseth og legg til at det ikkje berre er stålarbeid, men også mykje jobb med utrusting av bøya. Også denne kompetansen finst på Sunnmøre.

Og potensialet er stort. Ein vil trenge 200.000 bøyer for å forsyne Norge med bølgjekraft. Selskapet set i gang eit prosjekt i Cornwall i England i 2017/18. Ein kommersielt lønsam bølgjekraftpark vil ha 1000 bøyer.

– Vi har eit havområde som er sju gonger landarealet, og det må vere plass til slike bøyer langt frå land, seier Gjelseth som meiner dette må vere betre enn langt meir synlege vindmøller.

Følg Herøynytt på Facebook

Tredje gong

To bølgjekraftanlegg er testa ved Runde før, utan at det har blitt nokon suksess.

– Skal du få til nye ting, fungerer det ikkje frå dag ein. Dette er ein prosess. Og sjølv om anlegga som er testa før ikkje var nokon suksess, så har det vore mykje lærdom, seier Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.