Innovasjon Norge har tildelt Havkraft AS i Måløy 4,5 millionar kroner. Dermed er finansieringa til å byggje ein prototyp av meir effektiv bølgjekraftteknologi i boks, skriv Fjordenes Tidende.

Ein fullskala prototyp til 10 millionar kroner skal no byggjast. Teknologien er utvikla av Geir Arne Solheim, og det er han som har grunnlagt selskapet Havkraft. Sidan 1998 har han jobba med å utvikle teknologien.  Systemet er kalla Stadmaster Ocean Power System.

– Eg brukar å samanlikne det med ein radio og radiobølgjer. Eit vanleg bølgjekraftverk tar inn bare P1, medan denne vil tune inn på alle frekvensane og dermed ta inn alle kanalane. Og det med ein passiv design utan bevegelege delar i kontakt med sjø. Det forklarar kor mykje meir effektivt det er. Ein får billegare konstruksjonar med lang levetid og høgre inntekter gjennom større energiproduksjon gjennom levetida, seier Geir Arne Solheim i Havkraft til avisa.

Evolver kan utnytte alle typar bølgjehøgder og kan ifølgje Havkraft vere i sving kvar time heile året. Ifølgje selskapet er den nye teknologien 35 prosent meir effektiv enn dagens.

På si heimeside skriv selskapet at den nye teknologien trulig også er den enklaste.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no