Det er Volda-rådmann Rune Sjurgard som opplyser om dette i ei pressemelding torsdag kveld.

– Arbeidstakarorganisasjonane og hovudverneombodet har overfor rådmannen retta bekymring om forhold knytt til arbeidsmiljøet i helse- og omsorgssektoren. Det vert no sett i gang ei arbeidsmiljøundersøking. Helse- og omsorgssektoren er ein stor sektor med over 300 tilsette som yter tenester døgnet rundt på eit stort og komplisert tenesteområde. Bemanningssituasjonen i sektoren er pressa, og dette vert det også no sett på, skriv rådmannen.

Stor varslingssak

Rett før ferien fekk han eit skriv med spørsmål om situasjonen i Volda. I eit skriv frå 19. juni kjem det fram at det har vore fleire mindre og større hendingar kring arbeidsmiljøet i Volda kommune. Dei tillitsvalde og verneombodet ber om strakstiltak frå rådmannen.

– Det er ikkje til å underslå at det har utvikla seg ein kultur der tilsette fryktar eller kjenner ubehag i høve til å ta opp saker. Dette er svært alvorleg og fører til auke i eit allereie høgt sjukefråvær, står det i varslingsbrevet. Til saman ni personar frå Fagforbund, Utdanningsforbund, Norsk sjukepleieforbund, FO, Delta, Akademikerforbundet, Norsk fysioterapeutforbund og NITO stiller seg bak brevet.

– Arbeidsgjevar tek slik bekymring på alvor, og det vart umiddelbart teke initiativ til å arbeide med dette. På grunn av ferieavvikling så har det teke litt tid å samle involverte og kome i gang med planlegging av prosess, seier Sjurgard.

Journalistikkstudentane i Volda på nernett.no har lenge jobba med saka. Smp.no har bedt om innsyn i alle dokument.

Skal granske situasjonen

Ifølgje Sjurgard så har ein del av innhaldet i saka løyst seg, men i løpet av veke 42 eller 43 vil Volda kommune starte ei arbeidsmiljøundersøking i helse- og omsorgsektoren. I tillegg planlegg den administrative leiinga, dei hovudtillitsvalte og hovudverneombodet tiltak.

– Eventuelle funn som tilseier behov for betring vil verte teke tak i gjennom vidare prosess og tiltak, skriv rådmannen i ei pressemelding.

– Bekymringane vert tekne på høgste alvor, og undersøkinga skal gi svar på korleis arbeidsmiljøet vert opplevd. Det gjeld både positive og negative forhold, seier Sjurgard.

Høgt sjukefråvær

Han seier at det er lett for at det oppstår rykte i ein slik situasjon, men leiinga i sektoren og dei tillitsvalde skal ha eit konstruktivt og felles syn på undersøkje situasjonen. Bemanninga i delar av helsesektoren skal vere hardt pressa.

Ifølgje nernett.no har Volda kommune slite med opp mot 14 prosent høgt sjukefråvær i sektoren før sommaren. Rådmann Sjurgard meiner likevel at dei tilsette yter stor innsats og gir mykje, sjølv om situasjonen rundt bemanning er tøff.

Tips Sunnmørsposten på 95400400@smp.no, telefon (95400400) eller internett@smp.no.

Smp.no kjem med meir.