I nydeleg haustvêr kom cruiseskipet «Magellan» til Olden måndag morgon og avsluttar årets cruisesesong.

- Med sine vel 46 000 bruttotonn og 1250 passasjerer står "Magellan" i stor kontrast til vel 141 000 tonn store «Britannia» som opna cruisesesongen 28. april, skriv Cruisegruppa for Olden - Nordfjord i ei pressemelding.

Hurtigrute og Disney

Cruisegruppa rapporterer om ein innhaldsrik og variert sesong, med fleire høgdepunkt:

Hurtigruteskipet «Fram» la til kai på nasjonaldagen, der om lag 200 personar frå 16 nasjonar deltok aktivt i 17. mai toget i Olden med eigne faner.

26. juni hadde Olden også besøk av Disney Cruise Line sitt skip «Disney Magic» med den norske Commodore Tom Forberg og Mickey Mouse ved si side. Disney Magic vart godt motteke med taler frå Stryn kommune, Nordfjord Havn, Reisemål Stryn & Nordfjord og Cruise Europe.

Færre skip

Oppsummerer ein cruisesesongen 2015 så hadde Olden besøk av 54 skip med totalt 88.738 passasjerar.

I 2015 har det vore færre skip i Nordfjord enn dei siste par åra. I toppåret 2013 hadde Nordfjord Hamn 93 skip og om lag 140.000 passasjerar. I 2014 hadde hamna 72 skip og om lag 92.000 passasjerar.

Neste år er det derimot venta i overkant av 80 skip til Olden, med om lag 110 000 passasjerar.

Arrangerer cruisekurs

I neste månad arrangerer Reisemål Stryn & Nordfjord og Visit FjordKysten i samarbeid med Innovasjon Norge eit pakkekurs for cruise.

Her kan aktørar innan kultur, oppleving og reiselivet generelt lære seg til å bli flinkare til å selje seg aktivt inn mot cruisemarknaden.

- Cruisenæringa er avhengig av å ha gode tilbod til sine passasjerar. Dette stiller krav til tilbyderane av reiselivsprodukt på land, både når det gjeld kvalitet på produktet og organisering, skriv cruisegruppa og viser til at aktørar som vil satse på cruisemarknaden med dette kurset kan stå betre rusta til å lage attraktive utflukter som kan bidra til å auke verdiskapinga lokalt.

Cruiseturismen til Norge har dei siste åra auka, og Norge er no eitt av verdas største cruisereisemål.

Norge vart nyleg kåra til Europas beste cruisedestinasjon av Storbritannia sitt største cruisemagasin «Cruise International».