Redningsskøyta Idar Ulstein

Dette er landets kjappaste redningsskøyte

– Det blir ein rask og tøff båt, dette, seier Lars Kristian Mosby Enger i Redningsselskapet. Radaren om bord blir per dags dato berre brukt av forsvaret.

RS Idar Ulstein får snart Fosnavåg som heimehamn.

Nyheter

12. november er det dåp av den nye redningsskøyta som skal ligge i Fosnavåg. RS Idar Ulstein vil erstatte «Emmy Dyvi», som er stasjonert der i dag.

Sjå reklamevideo frå Redningsselskapet over

Lars Kristian Mosby Enger seier heile Redningsselskapet er stolt over den nye båten.

  Foto: Redningsselskapet

– No blir den testa og gjort klar til den store dåpen, seier Enger. Båten er bygt hos Swede Ship Marine i Göteborg.

«Idar Ulstein» er den første redningsskøyta i ei heilt ny klasse, Ulstein-klassen. Denne skal gradvis erstatte Skomvær-klassen.

Radar og varmesøkande kamera

I tillegg til toppfart på 38 knop har «Idar Ulstein» ein svært avansert radar. Redningsselskapet opplyser fleire stader, også på nettsida, at militær teknologi er brukt i radaren.

Jarle Svenningsen er nybygginspektør i Redningsselskapet. 

I søkemodus (SAR-modus – search and rescue) overser radaren automatisk bølgjer og nedbør. Då viser den berre flytande objekt i sjøen, i tillegg til stakar og faste skjer. Med seks frekvensar kan den følgje med på fleire ulike objekt samtidig.

– Den legg alt av bølgetoppar heilt dødt, seier Svenningsen.

Han fortel at rekkevidda for radaren er rundt fire kilometer.

– I SAR-modus klarer radaren å oppdage og låse seg på objekt som flyt i sjøen og følge desse, seier Svenningsen.

Den danske produsenten Terma stadfester at radaren til RS «Idar Ulstein» er deira nyaste digitale radar, Scanter 2000-serien, utvikla til sivile formål.

– I tillegg har skøyta eit avansert varmesøkande kamera, og er derfor svært godt rusta til søksoperasjonar, seier Svenningsen.

– Ekstrem brannkapasitet

Også vasskanonane har svært stor kapasitet.

– Det er ein brannkapasitet vi aldri har hatt før. Vanleg kapasitet er 2.500 til 3.000 liter i minuttet, denne har 4.000 liter i minuttet, fortel Svenningsen.

– Slik kan vi hjelpe brannvesenet til dømes ved øybrann, seier han.

Svært rask

Medan skøyta som i dag er stasjonert i Fosnavåg, RS «Emmy Dyvi», har ei toppfart på 25 knop, kan «Idar Ulstein» greie 38 knop.

– RS «Idar Ulstein» er 22 meter lang og vannjetdriven. Dette gjer at den har ganske ekstreme manøveregenskapar, opplyser Redningsselskapet. 

RS Idar Ulstein blir testa ut.  Foto: Redningsselskapet

– Vekta er 54 tonn, og båten er designa for å tole 6,5 G, noko som inneber at farkosten toler svært stor belastning i stor sjø, opplyser Redningsselskapet vidare.

Med nesten 3.500 hestekrefter kan båten nå ei toppfart på meir enn 38 knop.

Slepekapasiteten på 12 tonn gjer at skøyta kan trekke store skip dersom forholda tillét det.

– I tillegg er den nesten lydlaus innvendig og utvendig, seier nybygginspektør Jarle Svenningsen i Redningsselskapet.

Ulstein Group donerte


RS Idar Ulstein ny redningsskøyte

Ulstein Group donerer et større beløp til ny redningsbåt.

Skøyta er kalla opp etter skipsingeniør Idar Ulstein, tidlegare konsernsjef i Ulstein Group.

Ulstein Group har finansiert brorparten av dei 38 millionane skøyta kostar. Ein god del av dette er utviklingskostnader. Ein ny tilsvarande båt vil kome på 23 millionar kroner, ifølgje Redningsselskapet.

Gunvor Ulstein og Tore Ulstein, som no driv konsernet, har sagt at dei heller ønskte å heidre faren ved å donere ei redningsskøyte framfor å få laga ein bauta i stein.

RS Idar Ulstein.  Foto: Redningsselskapet

Fakta om båten

  • Klasse: Ulstein
  • Skroglengde: 22 meter
  • Største breidde: 6,26 meter
  • Djupgang: 2,55 meter
  • Framdrift: Vannjet
  • Motorar: To MTU, kvar på 1.220 kW
  • Slepekraft: 12 tonn
  • Fart: Toppfart på 38 knop
  • Byggemateriale: Aluminium
  • Arbeidsdekk med slepevinsj
  • Brannkapasitet på 4.000 liter i minuttet
  • Kjelde: Redningsselskapet