Vik Ørsta aukar staben

FABRIKKAR: VIK Ørsta har fabrikkar i Ørsta og i Vik i Sogn. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET 

Nyheter

Det er få teikn til nedgangstider hos Vik Ørsta. No aukar dei kapasiteten, søker etter fleire folk og satsar på eksport, melder Møre-Nytt.

– Vi budsjetterer med ein auke i omsetninga frå 600 til 650 millionar kroner i 2015, og det kjem vi til å klare, seier administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta til avisa.

– Neste år ser vi føre oss å vekse med ytterlegare 25 millionar kroner, legg direktøren til. I desse dagar søker Vik Ørsta etter folk til fleire fagområde både i Ørsta og i Vik i Sogn.Mellom anna treng dei sveisarar, robotoperatørar, lagerarbeidarar og mekaniske arbeidarar. Auken i bemanninga er ein konsekvens av at bedrifta satsar på å auke produksjonskapasiteten i tida framover, fortel Kjetil Nesset til Møre-Nytt.