Oppdatering 05.30 Brannen er no sløkt, opplyser 110-sentralen.

- I den bueininga der det var brann driv brannvesenet no ettersløkking. Denne delen er å rekne som totalskadd. I tillegg spreidde brannen seg til takkonstruksjonen, og sjølv om det ikkje tok til å brenne i den andre eininga, har også denne fått ein del vatn- og røykskadar. I denne delen pågår det no restverdiredning, heiter det.

Møre og Romsdal 110-sentral melde ved 03.30-tida, natt til søndag om ein bustadbrann i Ulstein kommune.

- Det dreier seg om ein fleirmannsbustad, etter alt å døme ein tomannsbustad, nært Høddvoll stadion.

Les også: Politiet: Startar arbeidet på branntomta i dag

I full fyr

- Huset skal stå i full fyr, men etter det vi veit skal alle som var i huset vere ute, sa Paul-Ola Vestre ved Møre og Romsdal 110-sentral til Smp.no klokka 03.35.

- Ulstein brannvesen er framme på staden og har starta sløkking, men har ikkje kontroll over brannen, la han til.

12 evakuert

- Det var i alt 12 personar i dei to einingane i huset, mellom desse fleire barn. Alle er evakuert, og ingen har kome til skade. Det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg til andre hus, fortalde operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt til Smp.no.

- Dei 12 blir no innlosjert på hotell, sa han vidare. Politiet veit førebels ikkje noko om årsaka til brannen, men vil undersøkje brannstaden så snart det lar seg gjere.

Litt før klokka 04 kunne operatør Vestre ved 110-sentralen fortelje at brannvesenet hadde drive utvendig sløkking og då også var inne med røykdykkarar.

- Ulstein får hjelp av Hareid brannvesen, som er på plass med to bilar, sa han.

Spreidde seg til loftet

Om lag ein halv time seinare var status at brannvesenet framleis ikkje hadde kontroll over brannen.

- Vinden har auka noko, og brannen spreidd seg opp i loftet over dei to bueiningane. Det er fare for at det skal begynne å brenne også i den andre delen av huset, sa Vestre. For å få vatn inn i konstruksjonane vart det nytta slukkespyd. Restverdiredning var ved 04.30-tida på veg til staden frå Spjelkavik brannstasjon.

Møre og Romsdal 110-sentral vart varsla fleire gangar om brannen. Første gang klokka 03.17.

Har du tips eller bilde? Kontakt oss på 95400400@smp.no

Huset det brenn i ligg nært Høddvoll stadion. KART: GOOGLE MAPS