Ulsteinvik

Politiet stadfestar at brannen er påsett

For tre veker sidan vart ein brann i huset påsett. Natt til søndag skjedde det igjen. Det er førebels ingen mistenkte i den siste brannen.

Krimteknikar Kurt Kim Stige frå Ålesund (t.v.) kom søndag føremiddag til branntomta i Ulstein. Politiet seier dei så langt ikkje har indikasjonar på kva som er årsaka til brannen.   Foto: OLAV SINDRE RISE

Huset i morgontimane, søndag. Skadane er store.   Foto: Olav Sindre Rise

Den første meldinga om brannen kom klokka 03.17. Kort tid etter sto huset i full fyr.   Foto: SMP-TIPSER

Nyheter

Politiet stadfestar at ein brann i eit bustadhus i Ulstein i natt var påsett.

– Konklusjonen byggjer på kriminaltekniske undersøkingar, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle ved politiet si driftseining på Søre Sunnmøre til smp.no.

Redde naboar

To brannar på kort tid skaper uhyggje i nabolaget.


Kommunal bustad

Huset er ein kommunal bustad der det budde to familiar med utanlandsk bakgrunn. For tre veker sidan var det branntilløp i naboseksjonen, i same hus.

– Ein mann har tilstått å ha sett på denne brannen. Og han har sitte i varetekt sidan, seier Hjelle.

12 personar evakuert i bustadbrann

Brann i tomannsbustad i Ulstein kommune, natt til søndag.


Ikkje same gjerningsmann

Dermed utelukkar politiet at det er samme gjerningsmann denne gongen.

– Er det grunn til å tru at eldspåsetjinga i natt har samanheng med at det bur innvandrarar der?

– Vi har ingen haldepunkt for det. Politiet etterforskar breidt. Vi har hatt rundspørring i nabolaget, og er i gang med avhøyr. Vi er også svært interessert i tips frå publikum, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til smp.no.

Brannen vart medt litt etter klokka 0300 i natt. Hjelle fortel at det førebels ikkje er nokon som er mistenkt for brannstiftinga.

Undersøkingar

– Krimteknikar Kurt Kim Stige er alt framme i Ulstein, og det vil bli gjort både taktiske og tekniske undersøkingar, fortalde Tor André Gram Franck ved operasjonssentralen, til Smp.no tidlegare søndag.

Les også: 12 personar evakuert i bustadbrann

Blir følgt opp av kriseteamet

Ifølgje politiet kom ingen til skade som følgje av bustadbrannen, men alle dei 12 som var i huset vart evakuert og innkvartert på hotell.

– Dei 12 er seks vaksne og seks barn eller unge under 18 år, og alle dei 12 er utanlandske statsborgarar. Dei blir følgt opp av kriseteamet i Ulstein, som er varsla og inne i saka, seier Franck.

– I løpet av søndag startar politiet også med avhøyr, held han fram.

Tomannsbustaden fekk store skadar under brannen, som var meldt klokka 03.17. Huset er næraste nabo til Høddvoll.