– Det nyttar ikkje at ein berre brukar pc-en som skrivemaskin og til å spele spel. Vi vil at elevane skal forstå oppbygging av spela og bygge sjølv, seier Gry Nordal, kommunalsjef for oppvekst i Ulstein kommune.
Elevane skal lære koding og vil etter kvart kunne byggje både robotar og dronar.
Elevane gler seg
I november skal alle lærarane på 4. til 7. trinn på kurs. I desember får alle elevane deira vere med på noko som heiter kodetimen.
Mathea Holthe Grevstad tv og Johanne Orvik ser fram til å få lære seg å lage eigne dataspel på skulen.
– Det blir bra å få lære om teknologi, seier Mathea.
Og Johanne legg til:
– Og det er bra å få lære litt anna enn å spele spel. No kan vi få lage eigne spel.
Kultur for nyskaping
Ordførar Knut Erik Engh (Frp) ønskte velkomen til informasjonsmøte i Ulsteinvik fredag. Og han la vekt på at nyskaping er ein av kjerneverdiane til Ulstein.
- Og det er ikkje berre eit fint ord. Nyskaping er blitt ein kultur i Ulstein, sa Engh som har store forventningar til satsinga.
Frp-ordføraren la også til at Frp sitt landsmøte har vedteke å gå inn for at koding skal bli pensum for alle barneskuleelevar her i landet.
Lær kidsa koding
Det er den frivillige organisasjonen Lær Kidsa Koding, LKK, som har regien på opplegget i Ulstein.
Torgeir Waterhouse var fredag i Ulsteinvik for å fortelje om opplegget. Og han er imponert over satsinga i Ulstein.
Kidslærar Torgeir Waterhouse jobbar til dagleg i IKT Norge, men er også med i organisasjonen Lær kidsa koding. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Han meiner kunnskap om koding vil gi ei oppleving av å vere skapande, i staden for berre å vere brukande. Elevane blir blant anna gode på problemløysing, samarbeid og presis kommunikasjon.
– Programmering er viktig i seg sjølv, men det skal også tilføre noko gøy, spennande og annleis i skulekvardagen, seier Waterhouse.