Gunvor og Tore på tur med RS «Idar Ulstein»

I morgon er det dåp av den nye redningsskøyta som skal ligge i Fosnavåg. I dag var søskenparet Gunvor og Tore Ulstein på tur med redningsskøyta som er kalla opp etter faren Idar.

Nyheter

Gunvor hadde tatt med hue til broren Tore slik at han ikkje vert forkjølt på prøveturen. Ulstein-søskena har vist stor interesse for båten på prøveturen, og har stilt mange tekniske spørsmål til skipsførar Knut Hveding som viser rundt på båten. Skipsføraren er full av lovord om redningsskøyta.

(meir å lese under biletet)

 

Ekstremt glad i sjøen

– Pappa var ekstremt glad i sjøen, og lærte oss manuelt sjøkart sjølv om vi hadde elektroniske hjelpemiddel. Han var svært oppteken av tryggleiken til oss alle når vi var på sjøen, seier Gunvor og Tore.

– Hadde han vore ombord her i dag hadde han garantert vore den aller ivrigaste til å sjå og høyre om den fantastiske nye teknologien om bord, seier Gunvor til smp.no.

– Vi kan nesten ikkje uttrykke sterkt nok kor stolte vi er, og vi har fått eit veldig godt inntrykk av både redningsskøyta og skipsføraren, seier Gunvor.

Båten er bygt hos Swede Ship Marine i Göteborg. «Idar Ulstein» er den første redningsskøyta i ei heilt ny klasse, Ulstein-klassen. Denne skal gradvis erstatte Skomvær-klassen.

(meir å lese under biletet)

 

Radar og varmesøkande kamera

I tillegg til toppfart på 38 knop har «Idar Ulstein» ein svært avansert radar. Redningsselskapet opplyser fleire stader, også på nettsida, at militær teknologi er brukt i radaren.

Ingen andre har brukt dette nokon gong, ikkje sivile fartøy, ifølgje nybygginspektør Jarle Svenningsen i Redningsselskapet.

– I tillegg har skøyta eit avansert varmesøkande kamera, og er derfor svært godt rusta til søksoperasjonar, seier Svenningsen.

(meir å lese under biletet)

 

– Ekstrem brannkapasitet

Også vasskanonane har svært stor kapasitet.

– Det er ein brannkapasitet vi aldri har hatt før. Vanleg kapasitet er 2.500 til 3.000 liter i minuttet, denne har 4.000 liter i minuttet, fortel Svenningsen.

– Slik kan vi hjelpe brannvesenet til dømes ved øybrann, seier han.

Medan skøyta som i dag er stasjonert i Fosnavåg, RS «Emmy Dyvi», har ei toppfart på 25 knop, kan «Idar Ulstein» greie 38 knop.

– RS «Idar Ulstein» er 22 meter lang og vannjetdriven. Dette gjer at den har ganske ekstreme manøveregenskapar, opplyser Redningsselskapet.