FJORD1

Fjord1 bør seljast til Torghatten, meiner fylkesrådmannen

Sævik-kontrollerte Havilafjord AS, som eig 41 prosent av Fjord1, føler seg dermed forbigått.

Bilferja Hjørundfjord på Hjørundfjorden. ARKIV. 

Nyheter

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane tilrår at fylkeskommune sel sine aksjar til Torghatten ASA.

Torsdag ettermiddag la fylkesrådmannen fram si tilråding til fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Det er allereie forhandla fram ein aksjeavtale med Torghatten, framgår det at sakspapira.

Trinnvis nedsal

– Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at fylkeskommunen først sel 50 prosent av aksjane, medan Torghatten får ein rett (opsjon) til å kjøpe resterande 50 prosent tidlegast 1. januar 2017.

– Om Torghatten ASA ikkje nyttar denne opsjonen, har fylkeskommunen høve til å selje resterande 50 prosent til Torghatten ASA etter 1. januar 2019, heiter det i tilrådinga.

Høgsterett


FJORD1

Kamp om Fjord1-aksjane

Havilafjord-eigar Per Sævik er villeg til å gå til Høgsterett dersom han ikkje får nytte forkjøpsrett til Fjord1-aksjane.

Havilafjord-eigar Per Sævik er villeg til å gå til Høgsterett dersom han ikkje får nytte forkjøpsrett til Fjord1-aksjane, melde NRK Sogn og Fjordane tidlegare i dag.

Fylkeskommunen på si side meiner at Havilafjord ikkje har forkjøpsrett.

«Ved sal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 har medeigaren Havila forkjøpsrett.

Modellen som er avtalt med Torghatten gjeld sal av aksjar i F1 Holding. Sal av aksjar i eit eigarselskap som F1 Holding utløyser som eit klårt utgangspunkt ikkje forkjøpsrett.» skriv fylkesrådmannen i sakspapira.

F1 Holding er 100 prosent eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette selskapet eig 59 prosent av Fjord1.

Fylkesrådmannen legg så til eit atterhald:

«Rådgjevarane meiner at forkjøpsretten ikkje kjem til bruk ved transaksjonsmodellen med Torghatten, men kan ikkje sjå bort frå dette.»

Her kan du laste ned sakspapira frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Det beste tilbodet

– Torghatten kom med det beste tilbodet, seier fylkesrådmann Tore Eriksen til Sunnmørsposten.

Det er lagt opp til at fylkesutvalet skal handsame tilrådinga 16. november, og at fylkestinget skal avgjere saka 23. november. Eriksen reknar med at denne delen av møta vil gå for lukka dører.

Det største selskapet

Fjord1 er det største selskapet i landet innan ferje, passasjer- og hurtigbåt. Omsettinga er om lag 2,3 mrd. kr med nesten 1.300 tilsette. Selskapet har i dag 62 ferjer og ni hurtigbåtar/andre båtar.

Overskotet i fjor var på nesten 100 millionar kroner

– Fjord1 står fram med styrka forretningskultur. Det er gjort fleire grep for å auke effektiviteten og lønsemda, heiter det i sakspapira.

Halvårsrekneskapen for Fjord1 i år viser eit overskot på 31 millionar kroner. Korrigert for salsgevinstar i 2014 er dette 40 mill. kr betre enn for tilsvarande periode for 2014.

Det er ikkje tatt ut utbygge sidan 2011.

Kvifor selje?

Tilrådinga legg opp til at salsinntekta vert nytta til gjeldsanering for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det kan betre dei økonomiske utsiktene for fylket vesentleg.

Sogn og Fjorande fylkeskommune har i dag den høgste lånegjelda av alle fylkeskommunane, målt i høve innbyggjartalet.