Sjå bildeserie over

Ved Fosnavåg Notbøteri gjekk sjøen nesten oppå kaia i dag. I morgon er det venta 20 cm høgare sjø. Då renn det truleg inn i butikken.

Fosnavåg Notbøteri fredag, med 259 cm over sjøkartnull.

- Vi har tømt golvet og er klar med pumpene. Så det går bra, men vi vil no helst ikkje ha sjø inn, seier Lena Kjelsli Ihle ved Fosnavåg Notbøteri.

OBS-varsel

Ytst på kysten blir det også fire-seks meter høge bølgjer frå vest, melder Meteorologisk institutt.

I Ålesund ved Redningsselskapet gjekk sjøen nesten inn over kaia torsdag.  Laurdag i 12-tida er det meldt 22 cm høgare.

Ved Redningsselskapet sitt lokale i Ålesund fredag.

Her kan du følgje med på flo-varslet for ulike stader langs kysten

(ekstern side)

På Harøya førebur I.P.Huse seg på stormflo. Her er det meldt 286 cm over sjøkartnull, fortel Steinar Huse.

- Vi tar våre forholdsreglar og bemannar littegrann. Dersom det ikkje blir mykje meir enn det som er meldt, går det med grei klaring. Men vi har litt beredskap, det har vi bestandig når det er meldt flo, seier Orten.

Han fortel at under orkanen Dagmar stod sjøen i ei høgde på rundt 297 cm. Då gjekk det bra med nokre få centimeters margin.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook.

Etter at sjøen for nokre år sidan gjekk inn over golvet, har alle nye maskiner blitt plassert på ein liten sokkel, slik at dei skal gå klar om det skjer igjen.

Del dine bilde med smp.no E-post: 95400400@smp.no || MMS 95400400