Måndag skal fylkesutvalet i Sogn og Fjordane ta stilling til sal av aksjar i Fjord1.

Per Sævik i Havila seier han har fleire juristar på saka dersom Havila ikkje får nytte forkjøpsretten.

Fleirtalet blant fylkespolitikarane verkar å vere usikre. Det er i alle fall talspersonane for dei to partia som har fleirtal, Sp og Ap.

Hilmar Høl er leiar i Sogn og Fjordane Ap.

– Eg har store problem med å bli med å vurdere denne saka ut ifrå det som har komme frå juristane til Havilafjord om det kravet dei har som minioritetseigar. Ikkje minst det som har med forkjøpsretten å gjere, og det at dei kjenner seg forbigått, seier Høl., seier fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, til

NRK Sogn og Fjordane

.

Samtidig seier fylkesleiaren at han har stått på kravet om ein framleis sterk, offentleg eigar av Fjord1. Saman med Senterpartiet har dei fleirtal, og både ordføraren og fylkesordføraren i fylket.

Senterpartiet verkar enno meir usikre.

– Det er ein del dokument vi faktisk ikkje har innsyn i, og det blir interessant kva som står i dei, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK Sogn og Fjordane.

Her kan du laste ned sakspapira frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kamp om Fjord1

Sævik-familien sitt tradisjonsrike reiarlag Havila AS kjøpte i 2011 Møre og Romsdal fylke sine aksjar i Fjord1. Dette skjedde i kamp med to andre ferjeselskap, Torghatten og Tide. Torghatten og Tide ville også kjøpe Sogn og Fjordane sine aksjar, men Sogn og Fjordane avviste sal.

– Eg vil kanskje tru at politikarane i Sogn og Fjordane er ganske opptekne av lokal forankring på dette selskapet. Vi har i lang tid indikert at vi ønskjer å behalde hovudkontoret i Florø, seier Sævik til Sunnmørsposten.

Fjord1 har dei siste åra hatt ei omsetning på rundt 2,3 milliardar kroner, og gjekk i fjor med eit overskot på nesten 100 mill. kroner.