Konkurransetilsynet vurderer Torghatten-oppkjøp av Fjord1

Det kan gå inntil 130 dagar før konkurransetilsynet har vurdert Fjord1-salet til storselskapet Torghatten.

ILLUSTRASJON. Fjord1-ferja Norangsfjord. Bildet er tatt frå Magerholm.  Foto: Bernt Sortland

Nyheter

Kjøpesummen er på 1,2 milliardar kroner og det største i ferjemarknaden på fleire år. Konkurransetilsynet forventar at partane melder inn oppkjøpsplanen, skriv NRK Sogn og Fjordane.


Stemte for å selje Fjord1-aksjane

Med 16 mot 15 stemmer gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for å selje aksjane sine i Fjord1.

Denne veka bestemte Sogn og Fjordane fylkeskommune seg for å selje delar av Fjord1-aksjane, med knappast muleg fleirtal 16 mot 15.

Innan 130 dagar skal konkurransetilsynet behandle saka. Fjord1 er det største selskapet i landet innan ferje, passasjer- og hurtigbåt. Konkurransetilsynet skal passe på at konkurransen i ulike marknader ikkje blir for avgrensa slik at det blir dyrare for forbrukarane.


FJORD1

Per Sævik har fleire juristar på Fjord1-saka

Sævik spår ein langvarig prosess i rettsapparatet om Havilafjord ikkje får nytte forkjøpsretten sin i Fjord1.

Per Sævik i Havila har lova å ta saka om nødvendig til Høgsterett dersom dei ikkje får forkjøpsrett. Sævik-familien eig 41 prosent av Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord. Han har omtalt salet til Torghatten som eit krumspring og at det er brukt finurlege metodar.