I går vart det kjent at Mørebenken på Stortinget har funne fram ein frisk million. Dermed er det etterlengta flytte- og verneprosjektet fullfinansiert.

– Vi har halde på i vel to år, fortel konservator Per Sæther ved museet.

– Dette var lenge ein tung jobb. Fleire finansieringskjelder svikta, og det heile såg nokså svart ut. Så kom Mørebenken inn i samband med statsbudsjettet. Måndag 23. snudde det heile frå svart til kvitt, legg Sæther til.

Dei hine som ikkje svikta når det galdt som mest er Haram kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei gjekk tidleg tungt inn i dugnaden.

Komplett hus

Gladmeldinga inneber at den gamle tømmerkassa no kan plukkast ned og inventaret sikrast. Det er nemleg nokså komplett, forstår vi museumsfolket rett.

– Bedehuset sto ferdig i 1889. Det er etter måten godt bevart og med mykje originalt interiør som talarstol, galleri, rundomn, originalt servise og kopparkjel, bibel og postill frå då huset var nytt, kan konservatoren melde.

Huset er knytt til dei store religiøse vekkingane på 1880-talet. Dette var vekkingar som var svært viktige, og har satt sitt preg på trusliv, kultur og næringsliv på Sunnmøre fram mot vår tid.

Så det er ikkje rart at museet gler seg til å plante om den ni ganger 13 meter store bygningen til Borgundgavlen i 2016.

Bedehuset er tiltenkt plass mellom Ytterlandstova og skulestova frå Norddal.