No er det på tide å opne opp, skriv ordføraren i Eid på bloggen sin etter at delar av Fjord1 vart selt til konkurrenten Torghatten. Bjørlo er også medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane og representerer mindretalet i saka.

Denne veka vart Norges største ferjereiarlag, Fjord1 med hovudkontor i Florø,  omgjort til eit dotterselskap i Torghatten-konsernet. Vedtaket vart gjort med 16 mot 15 røyster i Fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Etter salet gjekk styret og leiinga i Fjord1 av i protest.

SUNNMØRSPOSTEN MEINER: Ferjesalet ute i farleg farvatn

Er fylkeskommunen lurt?

Tre - 3 - timar etter at politikarane fekk dei hemmelegstempla papira på bordet, vart det tatt ei avgjerd om sal i milliardklassen.

– Det var eit sterkt press for å fatte ei avgjerd der og då, seier Bjørlo til Sunnmørsposten.

Bjørlo antydar at fylkeskommunen kanskje kan ha blitt lurt til å selje Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Uansett meiner han at fleirtalet av fylkestinget vart sett heilt på utsida i prosessen.

– I 18 månader har ei svært lita gruppe politikarar, fylkesutvalet, jobba saman med rådgjevarane. Når ein salsprosess foregår over så lang tid i ei gruppe med så få menneske, så oppstår det ein gruppedynamikk der gruppa blir samkøyrt, og der politikarane nok overtar rådgjeverane sitt verkelegheitsbilde punkt for punkt. Men det som verkar logisk for dei på innsida, møter så verkelegheita på utsida. Og vi fekk ein kaffipuase og to timar til å vurdere saka. Her er det noko som skurrar, seier Bjørlo til smp.no.

Sjå også fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sitt tilsvar: – Sensitiv informasjon var tilgjengeleg

Undersøker om vedtaket var lovleg

Bjørlo og Venstre i Sogn og Fjordane er for eit sal av Fjord1. Men måten det er gjort på er han meir enn kritisk til. Dei vil no køyre ein såkalla lovlegheitsprosess på vedtaket.

– Vi frå Venstre vil ikkje sleppe saka, men køyre ein lovleghetskontroll. Å få fram mest muleg offentleg i saka er eit viktig poeng i seg sjølv. Dersom fleirtalet i Senterpartiet er så skråsikre, må det vere av interesse for dei å få mest muleg fakta på bordet, innsyn i kva som låg til grunn for at dei ville gjere dette. I prinsippet kan også fylkesmannen oppheve vedtaket, seier Bjørlo til Sunnmørsposten.

– Men er det framleis muleg å endre vedtaket, trur du?

– Fylkesrådmannen seier at ein er i ferd med å gjennomføre salet. Men eg ser at Bergens Tidende stiller same spørsmålet, seier Bjørlo til Sunnmørsposten, og viser til BT sin leiarartikkel i dag der dei meiner at saka har parallellar til Terra-skandalen, der kommunar tok opp lån for å investere i kompliserte finansprodukt – for kompliserte til at politikarar og rådmenn forsto risikoen ved investeringa.

Lovbrot

– No er det på tide å opne opp. Alle fakta må på bordet, skriv Bjørlo.

– All hemmelegstempla informasjon må kome fram. Så får vi ut frå det som då kjem fram, finne ut om det å selje ut eitt av dei viktigaste selskapa i det grøne skiftet på Vestlandet til den største konkurrenten var ein genistrek – eller som eg og Venstre trur: Ein strategisk tabbe av dimensjonar for Sogn og Fjordane og Vestlandet.

Denne framgangsmåten – å ta avgjerder i same møte som ein får overlevert materiale – hadde aldri styret i eit privat selskap vald, trur politikaren.

– Eg er også overtydd om at Fylkeskommunen har gjort seg skuldig i klare brot på offentleglova ved å halde unna så mykje informasjon for ålmenta i forkant av avgjerda. Den grunnleggande feilen som etter mitt syn er gjort, er at ein har valt å hemmelegstemple heile dokument og presentasjonar om saka – i staden for å gjere det som etter mitt og Venstre sitt syn er korrekt: At sjølve dokumenta og presentasjonane skal vere offentlege – men at opplysingar i dokumenta/presentasjonane som er så forretningsmessig sensitive at dei kjem inn under unntaka i offentleglova – skal sladdast/takast ut, skriv Alfred Bjørlo.

Les også: Konkurransetilsynet vurderer Torghatten-oppkjøp av Fjord1

Heilt uforståeleg

For Bjørlo er saka både alvorleg og heilt uforståeleg.

– Korleis i all verda er vi komne dit at det er ein open konflikt mellom fylkeskommunen og eitt av dei største, mest nyskapande og mest vellukka selskapa i Sogn og Fjordane – som har fylkeskommunen sjølv som største eigar? Korleis er det mogleg å kome dit at det blir sagt frå ein av gruppeleiarane i Fylkestinget at «...eg opplever større profesjonalitet frå foreldreutvalet i barnehagen til dottera mi, enn frå leiinga i Fjord1», slik Frank Willy Djuvik (Frp) sa til NRK Sogn og Fjordane for få dagar sidan, spør Bjørlo.

Gir skryt til Fjord1 som selskap

Bjørlo gir skryt til ferjereiarlaget Fjord1 for å ha blitt eit moderne, lønsamt selskap rigga for framtida.

– Slik var det ikkje berre for få år tilbake. Den snuoperasjonen Fjord1 har gjennomført siste åra er beint ut imponerande. Og rolla dei har som motor for næringsutvikling og innovasjon på Vestlandet i ei tid då sjøtransporten skal ta «det store spranget» frå fossil til nullutslepp, skal ikkje undervurderast.

Han skriv vidare at selskapet i 2011 ikkje lét seg lokke til sal. No har dei gjort det. Det var dei same konsulentane som tilrådde sal i 2011.

Kritiserer fylkesrådmannen

Bjørlo lèt også fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane få passet sitt påskrive.

– Eg må seie eg håpar det er siste gong eg opplever ein fylkesrådmann som seier på eit ope møte i Fylkesutvalet at han synst det ikkje er så interessant kva dei største finansmiljøa på Vestlandet måtte meine, fordi dei har «avgrensa innsikt» og «lav kunnskap om og lav interesse for denne type økonomi». Eg veit desse sitata høyrest heilt usannsynlege ut – men vi var mange vitne til stades som høyrde det.

Lurt trill rundt?

– Har så Torghatten bydd ein høg eller ein eller lav pris? spør Bjørlo og legg til:

– Dei legg 390 mill på bordet no. Det svarar til utbytet Torghatten vil ta ut dei neste 3-4 åra – altså eit kjøp som i fase 1 er fullfinansiert av sikre utbytte for kjøpar nokre få år fram i tid. Del 2 av fastbetalinga svarar til ei noverdi i 2015-kroner på ca. 200 mill kr – ikkje rare greiene for eit selskap som årleg leverer resultat i åra framover på rundt 300 millionar kroner.

Resten av kjøpssummen – nesten halvparten – er resultatavhengige tilleggsutbetalingar og earnouts, påpeikar han.

Siste ord ikkje sagt

Bjørlo trur ikkje siste ord er sagt i saka.

– For ein spådom vågar eg meg på: Vi har ikkje sett dei siste bølgjene på Fjord1-vatnet enno.

Du kan også lese heile innlegget til Alfred Bjørlo her:MEININGAR: Fjord1 - På tide å opne opp