Måndag kveld melde smp.no at Søre Sunnmøre tingrett ikkje blir lagt ned. Tysdag var det klart for feiring.

- Dette er heilt fantastisk, seier Marthe Sleire Vatne, sakshandsamar i tingretten, glad for at kampen har ført fram.

Feira med kaker

Det er sju årsverk knytt til Søre Sunnmøre tingrett, og tysdag inviterte dei til kakefest i lokala i Volda. Der var også advokatar i nærområdet invitert.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik, som for tida er i fødselspermisjon, er nøgd med avgjerda.

Fleirtal på Stortinget

Advokat Jørund Knardal er også svært glad for at tingretten består. Og han trekkjer fram fleire fordelar, med kortare reisetid for mange aktørar i rettssaker.

- Dette betyr veldig mykje for både oss og for lokalsamfunnet, meiner Knardal.

Marthe Sleire Vatne vil også takke alle som har kjempa og stått på for at Søre Sunnmøre tingrett skal bestå. Blant anna har Parat hatt ein tillitsvald for domsstolane som har vore sett på saka frå den dagen framlegget frå Domstoladmininstrasjonen kom.

Ønskjer ikkje samanslåingar

Domstoladministrasjonen har i lang tid jobba for å kutte talet på tingrettar her i landet. Men justiskomiteen på Stortinget set no ein stoppar for planane om samanslåing og nedlegging.

– Vi ønskjer å skape ro rundt situasjonen for tingrettane. Eit fleirtal  på Stortinget gir nå beskjed om at vi ikkje ønsker flere samanslåingar, noko som betyr at Søre Sunnmøre tingrett i Volda vil bestå, sa Frps parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik til smp.no måndag.

Også representantar frå opposisjonspartia har kjempa for å hindre nedlegging i Volda.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik har permisjon frå Søre Sunnmøre tingrett for tida. Ole Ødegård er konstituert sorenskrivar. Foto: Knut Arne Aarset