– Det er i samband med eit seminar her i september at vi planlegg å halde denne øvinga, seier politioverbetjent John Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt.

Flo inngår i ei gruppe på fem personar med representantar også frå fylkesmannen og kommunar. Dei har det siste året arbeidd med eit planverk under Nasjonal plan for fjellskred og over aktørane sine beredskapsplanar.

Øvinga neste haust vil bli første gong ein testar ut desse planane.

John Kåre Flo seier at øvinga blir ikkje synleg ute, fordi aktørane skal halde til innandørs.

Det er altså snakk om ei teoretisk øving, ei såkalla skrivebordsøving. Men det er mange aktørar som skal vere med.

– Vi vil mellom anna invitere dei ti råka kommunane for ei eventuell flodbølgje, seier Flo.

Gjør som flere enn 24.000 andre - følg Sunnmørsposten på Facebook

Les ytringa: Bergsprekkingsfarar

Les ytringa: Vanskelig å vente på raset som ikke kommer

Lang liste

Men det stoppar ikkje der.

Mellom dei andre som blir inviterte finn vi Statens vegvesen, Mattilsynet, Kystverket, Norges vassdrags- og energidirektorat, Fylkesmannen, Fylkeskommunen, politiet, Sivilforsvaret, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Helse Møre og Romsdal, Fiskeridirektoratet, Mørenett, NRK, Avinor, Luftfartstilsynet, teleselskapa, Post- og teletilsynet, Forsvaret, landbruksdirektoratet, helsedirektoratet, Norges geologiske undersøkelse, frivillige organisasjonar – og sjølvsagd blir Åknes/Tafjord Beredskap med.

OVERVAKAR: Kjell Jogerud, dagleg leiar ved Åknes Tafjord Beredskap, overvakar urolege fjellparti.

– I samband med øvinga planlegg vi også å teste ut det nye naudnettet for å sjå korleis vi skal klare å kommunisere etter at det vanlege nettet er slått ut. Her er det då snakk om satellittoverføring av samband, forklarer John Kåre Flo.

Han har sidan 2006 vore med og laga planar for korleis ein skal handtere ein situasjon der dei ustabile fjellpartia på Åkerneset i Stranda eller Hegguraksla i Norddal kan ramle ut.

Flo har dei siste vekene vore med på to folkemøte, i Geiranger og på Hellesylt, for å fortelje om nye oppskyljingshøgder og evakueringsgrenser.

Hovudessensen her har vore at det i dei nye planane er fleire som må evakuerast enn det ein før hadde tenkt.Det er også planar om å halde eit liknande møte på Stranda.

Tyfontest

På møta vart det frå salen etterlyst test av tyfonane som står fleire stadar på indre Sunnmøre.

– Det kan det vere aktuelt. For det begynner å bli nokre år sidan sist. Men sjølve anlegget blir sjekka ut heile tida.

– Kva med sms-varsling? Skal det testast om det også verkar?

– Det er også aktuelt. Men varslinga er ei kommunal oppgåve, svarer politioverbetjent John Kåre Flo.