Ein analyse Bergens Tidende har fått tilgang på, frå det som blir omtalt som eit norsk finansmiljø, konkluderer med at Torghatten sitt bod hadde ein verdi på vel ein milliard 2015-kroner (krev innlogging).

Det oppdaterte bodet frå Sævik-eigde Havilafjord ville vore verdt minst 150 millioner kroner meir for Sogn og Fjordane fylkeskommune, ifølgje avisa.

Strid om bodfrist

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og fylkesrådmann Tore Eriksen takka nei til bodet og let vere å presentere den betydelege skilnaden for fylkespolitikarane. Grunnen var at dei ikkje såg på Havila-tilbodet som bindande og fordi dei meinte bodfristen var ute.

Per Sævik opplyser til Bergens Tidende at dei i møte med fylkeskommunen sine rådgjevarar fekk klare meldingar om at bodfristen ikkje var noko problem. Etter det BT kjenner til var fristen flytta på også før i prosessen.

Ber departementet stoppe sal

Mindretalet i Sogn og Fjordane fylkesting vil no krevje lovlegkontroll av vedtaket. Dei ber Kommunaldepartementet vurdere om den politiske prosessen rundt salet har vore forsvarleg.

Åshild Kjelsnes (Ap) seier til BT at ein vil be om oppsetjande verknad, noko som i praksis vil seie at ein ber departementet stanse den vidare salsprosessen til det er avklart om vedtaket i fylkestinget er lovleg.

Arbeidarpartiet si fylkestingsgruppe jobbar også med å få til eit ekstraordinært fylkesting der ein i praksis får høve til å angre på salet.