- Havyard Ship Technology AS har i dag inngått avtale om at leveringa av bygg 126 - eit Havyard 833 WE plattform forsyningsskip, blir utsett frå mars 2016 til juni 2017, melder selskapet i ei børsmelding.

- Den som har bestilt skipet har arbeidd med fleire prosjekt for å halde det i oppdrag over tid, noko som er ein føresetnad for å skaffe langtidsfinansiering i marknaden. Dette har ein førebels ikkje lykkast med, difor utsejinga, heiter det.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook

Sjølv om den som har bestilt skipet ifølgje Havyard har avtalt å auke innbetalingane i byggeperioden og også betale Havyard Ship Technology ein kompensasjon, vil utsettinga føre til lågare utnytting av kapasiteten ved Havyard Ship Technology i 2015.

- Dette vil ha ein negativ effekt på resultatet for Havyard Group i 2015 på rundt 20 millionar kroner, heiter det. I tillegg ventar ein at utsett bidrag vil påvirke negativt med rundt 10 millionar kroner.

Les også: Havyard treng ordrar for å halde folk i jobb

Rapporten for tredje kvartal viste at Havyard Group tente mindre pengar, og selskapet har peika på at mindre aktivitet nett ved skipsverftet i Leirvik i Sogn var den viktigaste årsaka. Som resultat av dette varsla dei i november at dei må halde fram med nedbemanninga dei melde om allereie i august, der 100 av 680 årsverk her til lands skal vekk. 60 av desse årsverka skal kuttast ved Leirvik-verftet.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no