I eit brevet som er signert av Åshild Kjelsnes (Ap), Stein Malkenes (Mdg), Jakob Sandal (Sv), Gunhild Berge Stang (V), stillast det spørsmål om salet er gjennomført på lovleg vis. Partia har 13 medlemer i fylkestinget.

Det er særleg tre spørsmål dei ønskjer å få kontrollert i lovlegheitskontrollen:

  • Om fylkestinget fekk den korrekte, fulle og heile bildet av saka og fylkestinget sitt reelle handlingsalternativ.

  • Om fylkeskommunen har fått det korrekte, fulle og heile bildet kva angår risikofaktorane ved det vedtak som blei treft.

  • Om rådgjeverane i saka er habile i høve til kommunelova og forvaltningslova.

– Det vil overraske meg om det er slik det skal vere, då blir eg nokre illusjonar fattigare. Personleg kan eg ikkje leve med at dette ikkje blir testa ut. Heilt oppriktig frå vår side, så ønskjer vi å få testa ut om sakshandsaming i offentleg forvaltning kan gjerast på denne måten med så liten tilgang på informasjon for representantane, seier Kjelsnes, fylkesvaraordførar for Arbeiderpartiet, til NRK.

Les lederen: Ferjesalet ute i farleg farvatn

Gjør som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Historia

Det var måndag 23. november at fylkestinget vedtok med 16 mot 15 røyster å selje Fjord1-aksjane sine til Torghatten for 1,2 milliardar. Etter kort tid hamna vedtaket til fylkestinget under press, mellom anna trekte Fjord1-direktøren og fem styremedlemmer seg frå selskapet.

Det er også stilt spørsmål om politikerane hadde tilgang til hemmeleg informasjon for dei tok avgjerda.

Betre tilbod?

I ettertid har Per Sævik, eigar av Havilafjord, avslørt at dei skal ha bode minst 150 millioner meir enn Torghatten for aksjane. Per Sævik har varsla rettslege skritt mot avgjerda og har erlært forkjøpsrett til aksjane.

Les fleire nyheiter her