«Ullensvang» tatt av vinden

Det var i eitt-tida laurdag at ferje vart tatt av vinden då den skulle legge til kai ved Sulesund.

Nyheter

Laurdag føremiddag kom ferja «Ullensvang» som går mellom Sulesund og Hareid ut for kraftige vindkast då den skulle legge til på Sulesund.

Den kraftige vinden tok tak i ferja.

– Eg skulle ta ferja omtrent klokka halv eitt. Det var mykje vind og utruleg med straum. Ferja kom inn som vanleg, men så vart den tatt av vinden og straumen og gjekk inn ved sidan av ferjelemmen.

– Etter det gjekk den ei runde og tok ei perfekt ilandsetting, seier Bjørn Arve Brune som filma hendinga.

Han tok ferja til Hareid på neste tur over.

Ifølgje han var det eit veldig kraftig vindkast som tok tak i ferja då den gjekk til land.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Ukjend

Regionsjef i Norled,  Inge André Utåker, kjende ikkje til hendinga då smp.no var i kontakt med han laurdag kveld.

– Nei, det visste eg ikkje. Avgangane frå klokka 08 til klokka 09 var kansellert på grunn av at det var vanskeleg for ferja å legge til kai, seier han.

Men etter kort tid fekk han fatt i kapteinen for ei forklaring.

– Då dei var på veg inn i mot kaia så auka vinden kraftig og det var full storm i byene. Det var ikkje tatt høgde for vinden, og dei kom brått på, men allereie før dei trefte ferjeleiaren hadde dei bestemt seg for å gå ut att, seier han.

– Det ser nok meir dramatisk ut enn kva det var. Det vart ingen skade på kaia, ferja eller personar, seier Utåker.

Les fleire nyhende frå Søre her