Vart Fjord1-saka lovleg handsama?

Det blir ekstraordinært fylkesting om Fjord1-saka

Sjølv om det strengt tatt er ein formalitet, vil fylkesrådmannen ha 11 dagar på å førebu saka om lovlegheitskontroll.

ILLUSTRASJON. Bilferja Kvernes i sambandet Festøya - Hundeidvik.   Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Tysdag opnar fylkestinget i Sogn og Fjordane. Då kjem milliardsalet av landets største ferjeselskap igjen opp att. Fylkesutvalet gjekk måndag inn for advokat Pål W. Lorentzen som ny styreleiar i Fjord1 etter Reidar Sandal.

Opposisjonen har også forsøkt å få kravet om lovlegheitskontroll inn på sakslista. I staden blir det ekstraordinært fylkesting 18. desember.

Her kan du laste ned kravet om lovlegkontroll

11 har sagt at dei vil klage

11 i fylkestinget vil klage fylket si behandling inn for departementet. Fylkesrådmann Tore Eriksen fekk kravet om lovlegkontroll på bordet sitt fredag 4. desember om føremiddagen. Han sa tidleg at han ikkje ville rekke å få saka klar til fylkestinget startar. Dermed bad opposisjonen om å få saka klar før desember-tinget er ferdig, seint onsdag, men heller ikkje dette var muleg.

– Det er bestemt at fylkesrådmannen skal sende ut si saksutgreiing i løpet av den 15. desember, og han antyda at det blir seint på dagen, seier varaordførar Åshild Kjelsnes til smp.no.

– Ønskjer å opplyse saka så godt som muleg

Dermed får fylkestinget litt over to dagar på å førebu seg. Det syns Kjelsnes er litt ironisk, all den tid saka nettopp handlar om at fylkestinget har fått svært knapp tid på å setje seg inn i detaljane, i sambande med milliardsalet av Fjord1.

Medlem av fylkesutvalet, Gunhild Berge Stang (V), har tidlegare fortalt at fylkesutvalet fekk ein god halvtime til å gjere seg kjend med ein gedigen rapport om milliardsalet. Opposisjonen meiner behandlinga av saka har vore mangelfull på fleire område.

– Det er departementet som skal ta stilling i saka, men fylkesordføraren ønskte å gjere det grundig, seier Kjelsnes til smp.no.

– Dette er ei stor sak. Eg ønskjer å opplyse saka så godt som muleg. Vi treng tida fram til og med den 15., seier fylkesordførar Tore Eriksen til smp.no.

– Latterleg

Hilmar Høl, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane for Arbeidarpartiet, sa til Sogn Avis før helga at han syns det heile er latterleg:

– No fekk fylkestingsrepresentantane tre timar på seg til å gå gjennom 80 siders lesestoff før vedtaket om sal av Fjord1 skulle fattast. Lovlegheitskontrollen går på forsvarlegheit i saksbehandlinga. I ein slik samanheng blir argumentet om at fylkesrådmannen ikkje får tid til å gå gjennom eit ti siders dokument direkte latterleg, sa Hilmar Høl til Sogn Avis.

Lovlegkontroll

Det var 4. desember at det kom krav om å gjennomføre ein kontroll om fylkeskommunens sal av aksjar til var lovleg.


– Sa nei til 150 millionar kroner meir for Fjord1

Per Sævik skal ifølgje Bergens Tidende ha bode minst 150 millioner kroner meir enn Torghatten Trafikkselskap for Fjord1. Likevel sa fylkesordførar Jenny Følling nei takk.

I kravet som er signert av Åshild Kjelsnes (Ap), Stein Malkenes (Mdg), Jakob Sandal (Sv), Gunhild Berge Stang (V), er det særleg tre spørsmål dei ønskjer å få kontrollert i lovlegheitskontrollen:
  • Om fylkestinget fekk den korrekte, fulle og heile bildet av saka og fylkestinget sitt reelle handlingsalternativ.
  • Om fylkeskommunen har fått det korrekte, fulle og heile bildet kva angår risikofaktorane ved det vedtak som blei treft.
  • Om rådgjeverane i saka er habile i høve til kommunelova og forvaltningslova.

Les fleire nyheiter her

Her kan du laste ned kravet om lovlegkontroll

Sunnmørsposten meiner: Ferjesalet ute i farleg farvatn


Fjord1-striden

Følling svarer: Sensitiv informasjon var tilgjengeleg

Fylkesordførar Jenny Følling svarer Alfred Bjørlo som ønskjer alle fakta på bordet i Fjord1-konflikten.

 

All hemmeleg-stempla informasjon må kome fram

– All hemmelegstempla informasjon må kome fram i Fjord1-konflikten, skriv Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

 

– Vi hadde ikke noe valg

Styreleder i Fjord1, Reidar Sandal, sier styret ikke hadde noe valg da fylkestinget bestemte seg for salg av aksjene til Torghatten.



Konkurransetilsynet vurderer Torghatten-oppkjøp av Fjord1

Det kan gå inntil 130 dagar før konkurransetilsynet har vurdert Fjord1-salet til storselskapet Torghatten.