– Med dei straumprisane som har vore over tid, klarte ikkje selskapet å bere finanskostnadene, seier bustyrar Thore Heggen til smp.no.

Selskapet har ei gjeld på 14,5 millionar kroner, og ifølgje bustyrar handlar det vesentleg om bankgjeld. DnB er største kreditor.

Fleire store kundar

Biobrenselanlegget i Stryn sentrum leverer energi til fleire store offentlege og private bygg, blant anna Stryn vidaregåande skule. Og det er ingen fare for at leveransen skal stoppe opp som følgje av konkursen.

– Vi må prøve å sikre eit opplegg som gjer at ein kan levere varme frå anlegget i samarbeid med flisleverandør og kundar. Så må ein prøve å få selt anlegget til nokon som er interessert i å drive vidare, seier Heggen.

(saka held fram under bildet)

Sentrum Stryn fjernvarme AS sitt anlegg ligg i Stryn sentrum og forsyner fleire store bygg med miljøvennleg varme. Foto: Arkiv Anne-Mari Tomasgard

For høge finanskostnader

Ifølgje bustyraren har det vore to rundar med kapitaltilførsel i selskapet for å sikre likviditet. Men no var det stopp, og det var selskapet sjølv som gjekk til retten og melde oppbod.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Selskapet har ikkje hatt tilsette, men har leigd folk til drifta.

– Drifta har isolert sett gått rundt, men det har vore for høge finanskostnader og ein har ikkje hatt nok inntekter til å betene lånet over tid, seier Heggen.

Erstatta oljefyrar i store bygg

Stryn fjernvarme AS er i hovudsak eigd av Stryn Energi AS, som er hundre prosent eigd av Stryn kommune.

Anlegget kosta 23 millionar kroner å byggje og årleg produksjon var rekna til å bli fem GWh. Målet var å erstatte oljefyring på større bygg i sentrum av kommunen og redusere CO₂-utsleppa med 1300 tonn årleg.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook

Det var dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete som stod for den offisielle opninga av anlegget i 2009.

Selskapet hadde i fjor 4,2 millionar kroner i omsetning, men gjekk med 2,8 millionar kroner i underskot.