I helga rømde 2.000 laks  med ei snitt vekt på 1,8 kilo i under ein arbeidsoperasjon ved Marine Harvest sitt anlegg på Bjørlykkestranda i Vanylven. Førebels er mesteparten på frifot.

Er de sikre på at det er 2.000 fiskar som rømde?

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

– Ja, merda vart tømt under arbeidet vi gjorde, så vi meiner vi har godt oversikt, seier Hjetland.

Selskapet lovar 500 kroner i dusør for kvar fisk som vert gjenfanga, og levert til dei. Men vinden har gjort gjenfangsten vanskeleg.

– Det har vore vanskelege forhold, og no er det meldt sterk vind. Så eg veit ikkje når eg kan prøve på nytt, seier ein lokal fiskar som Sunnmørsposten snakka med.

Han hadde ute nokre garn sist natt, utan særleg resultat.

Se video: Bruker not for å fiske rømt laksLes også: Fekk rømt laks i Ørstaelva

Les fleire nyheiter frå Søre