I går fortalde Ingrid Blindheim (18) om opplevingane ho hadde hatt med denne appen, og om at ho valde å skrive eit innlegg på sin eigen Facebook-vegg.

«Dere er anonyme imot andre brukere, men ikke om dere poster ulovlige trusler. Vi på Jodel tar dette på alvor og samarbeider derfor med det norske politiet. Personlige krenkelser og mobbing er heller ikke tillat på Jodel. På grunn av noen tilfeller av misbruk, har vi stengt av Jodel i dette området. Beklager til alle dere som har brukt vår app på en positiv måte. Vi vil holde dere oppdatert ved et senere tidspunkt», heiter det i meldinga.

Smp.no har prøvd å kome i kontakt med Jodel for forklaring, men har enno ikkje lukkast.

Ingen melding

Men vi har vore i kontakt med politiet i Ulstein.

– Vi har ikkje motteke melding frå nokon som er ramma av dette. Kva som ligg til grunn for meldinga er ukjend for oss, seier politioverbetjent Leif Arne Mork ved Ulstein og Hareid lensmannskontor.

Men nettvett og nettmobbing opptar politiet.

– Seinast i dag har vi vore på ei barneskule og hatt foredrag om nettvett, seier han.

– Nettmobbing er eit problem, her som andre stader.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Toskete

– Inne på denne appen er det kommunikasjon på eit toskete nivå, seier Margaret Alme, rektor ved Ulstein vidaregåande, ein av skulane som har hatt problem med appen.

rektor: Margaret Alme er rektor ved Ulstein vidaregåande skule. Arkivfoto

Ho er nøgd med at den no er stengd.

– Det høyrest veldig bra ut. Klarer dei ikkje å følgje med på det som vert skrive der, er det bra at den vert stengd. Dei har eit ansvar.

Alme seier at appen er eit tema ved skulen.

– Klart vi reagerer. Vi har vore i kontakt med politiet og skal ha eit møte med elevrådet i morgon. Fylkesnettet er stengt for denne appen, og har vore det sidan november, men dette tar elevane inn på telefonane sine.

Alme fortel at skulen gjer det dei kan, men er makteslaus.

– Kontaktlærarane skal ta det med klassene, og vi anbefaler dei som vert ramma av dette til å melde det til politiet. Det er ikkje så mykje meir vi kan gjøre. Eg synest at dette er noko foreldra bør ta opp med ungdommane sine, og at dei bør følgje med på kva som skjer, seier Alme.

Les fleire nyhende