Dette ifølgje heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tidlegare har fleire politikarar vore ute i media og bedt om at hemmelege dokument frå Fjord1-salet vert offentleggjort.

Mellom anna skreiv Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og medlem av fylkestinget, at alle fakta måtte på bordet. Dette arbeidet har no starta.

– Det vart gjort eit vedtak om å gå igjennom og nedgradere så mykje som mogleg av dokumenta, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK Sogn og Fjordane.

Gjer som 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Enkelte av opplysningane i dokumenta er sladda.

– Arbeidet med offentleggjeringa av dokumenta i Fjord1-saka held fram, og dokumenta  vert lagt ut her etterkvart som dei heilt eller delvis vert offentleggjort, heiter det vidare.

Les også: Det blir ekstraordinært fylkesting om Fjord1-saka

Les fleire nyhende her