Mannen i 20-åra er kritisk skadd, opplyser Haukeland universitetssjukehus.

Ein mann i 20-åra er tatt med i helikopter til Haukeland universitetssjukehus i Bergen etter at han vart funnen hardt skadd i vegkanten i Herøy, laurdag morgon. I følgje politiet ligg mannen i koma og er kritisk skadd.

Politiet fekk melding om at ein person var påkøyrd ved riksveg 654 ved Røyra, ikkje langt frå Herøybrua på Leinøya, klokka 07.32. AMK fekk melding klokka 07.16.

Høyrte smell og såg bil

– Det er vitne som har høyrt ein smell og sett ein bil rett ved. Vi veit ikkje heilt sikkert om det er den bilen, eller andre som har vore involvert, men slik det ser ut no er det høgst truleg ein påkøyrsel, seier operasjonsleiar John Bratland til smp.no.

Ambulanse var først på staden, og Bratland meldte klokka 08.02 at politiet også var på plass.

– Før vi har patrulje på staden veit vi ikkje så mykje meir. Det er meldt hit at det er snakk om ein person som er hardt skadd, sa Bratland først.

Operasjonsleiaren fortel at det er noko tid mellom naudetatane fordi det innleiingsvis var uklart for AMK at det var snakk om ein påkøyrsel.

Mann i 20-åra

Ved 10.30-tida får smp.no stadfesta at politiet har vore i kontakt med pårørande.

– Mannen som er skadd er mest truleg ein mann i 20-åra. Han er tatt med til Bergen i Sea King, seier operasjonsleiar Bratland.

Grunnen til at politiet seier mest truleg er at mannen ikkje hadde på seg ID-papir då han vart funnen. Bratland stadfestar at det er funn av gjenstandar på staden som gjer at politiet har bedt om kriminalteknisk bistand.

Politiet ber alle bilførarar som har passert området mellom klokka 07.00 og 07.15 om å ta kontakt med politiet på tlf. 02800.

Krimteknikar på staden

Klokka 08.36 opplyste Bratland at personen er alvorleg skadd. Ingen bil eller køyretøy er på staden, men politiet tar høgde for at personen er påkøyrd.

Mannen vart først tatt hand om av ambulansepersonell før helikopteret kom.

Krimteknikar har no undersøkt ulykkesstaden.

Politiet har merka av spor på ulykkesstaden. Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

Ber om tips

Etterforskningsleiar Grete Hjelle seier til smp.no kloka 16.15 at politiet etterlyser ein lastebil av typen Volvo FE- eller FL-serien.

- Det er funn på staden som gjer at vi etterlyser ein Volvo lastebil/skapbil av denne typen. Vi trur den har knust venstre lykt framme og eit knust deksel i front, seier Grete Hjelle.

– Politiet ber om tips i samband med hendinga. Vi har sjekka med ferjeselskap, men ber også til dømes butikkar som har hatt varelevering av ein slik type bil om å tipse oss, seier Hjelle.

Litt før klokka 19 lørdag kveld opplyser Grete Hjelle at politiet har fått inn fleire tips, men at dei så langt ikkje har funne lastebilen som er etterlyst.

Politiet vil at vitne skal ringe tlf. 02800.

  • Har du tips eller foto? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller telefon 95400400

Etterforskningsleiar Grete Hjelle. Foto: Knut Arne Aarseth
Foto: GOOGLE MAPS