Professor Annik Magerholm Fet frå Ålesund var obervatør under klimaforhandlingane i Paris. Og ho var til stades då den historiske klimaavtalen var eit faktum.

- Det var kjempeinteressant og motiverande å vere der, fortel Fet til Sunnmørsposten.

Se video: Klimaministeren fornøyd etter forhandlingene

Lukka forhandlingar

Fet, som sjølv er ekspert på klima og berekraft, hadde ikkje noko rolle i forhandlingane, men var utsending frå NTNU som observatør. I ei veke fekk ho observere det som skjedde, saman med folk frå alle verdas nasjonar.

- Det blei eit fantastisk resultat av møtet. Det er fantastisk at dei klarte å kome fram til ein avtale, seier Fet som trur det skal gå an å oppfylle avtalen, men at det blir tøft.

Ringverknader i Ålesund

For Norge sin del meiner ho det er mykje å hente på å effektivisere energibruk. Og ho meiner klimaavtalen kan få fart på utvikling av grøn teknologi. Det kan til dømes skje ved at styresmaktene kjem med ulike finansieringsordningar for utvikling av ny, grøn teknologi.

Fet er professor og leiar for berekraftssatsinga ved NTNU, som er eitt av fire strategiområde ved dette universitetet. Når dei no i veka skal ha strategisamling, vil den nye klimaavtalen frå Paris vere noko dei skal sjå på.

- Frå 1. januar blir Høgskolen i Ålesund ein del av NTNU, så dette vil få ringverknader også der, seier Fet.

Fekk gode kontakter

Fet fortel om eit stort sikkerheitsopplegg rundt konferansen. Ho budde i sentrum av Paris og reiste med undergrunnsbanen til senteret der forhandlingane var, halvanna mil utanfor byen. Her møtte dei militære med automatvåpen og skotsikre vestar.

Opplegget rundt klimaforhandlingane var elles storslått, på eit enormt messeområde. Og Fet hadde eit interessant opphald.