Det er eit av alternativa som vart presentert på ein fjordkryssingskonferanse i Molde torsdag.

Konstruksjonen, som blir 734 meter høg, skal stå på botnen av fjorden og halde brua oppe. Til samanlikning er Eiffeltårnet 324 meter høgt.

– Dette er kjend teknologi, men sett saman på ein ny måte. Vi kan nytte oss av erfaringane frå Nordsjøen. Trollplattforma står også på botnen. Den konstruksjonen er 303 meter høg, sa Øivind Pedersen frå Rambøll og Rune Hovda frå Sweco.

Det var dei to som presenterte denne bruløysinga over Sulafjorden.

På første rad sett Kjell Sandli, dagleg leiar i Hafast AS. Han likte det han høyrde:

– Det viktigaste etter dette møtet er at vi kan setje to strek under følgjande: Det er mogleg å krysse fjorden, og det på ulike måtar. Dei som framleis seier noko anna vil eg ikkje høyre på, seier Sandli.

Multiconsult lanserte også fleire alternativ, mellom anna ei spennbru med to tårn i sjøen, plasserte på flytande element, også det bygd på erfaringar frå Nordsjøen.

På møtet i Molde vart det tydeleg at Statens vegvesen no ser på to ulike korridorar, eller trasear, for ei brukryssing av Sulafjorden. Det er også ganske sikkert at ein vil gå vekk i frå ei røyrbruløysing.

Alternativ1 ligg lengst ute – der fjorden er smalast. Her, frå Kvitneset til Sulalandet, er det tenkt ei om lag 3000 meter lang hengebru i eitt spenn..

Alternativ 2 er ei bru mellom Hareid og Nøringset. Det er her ein ser for seg at ein må bruke ei hengebru i kombinasjon med tårn på flytande element - eller eitt fast tårn som står på botnen.