Riksveg 15 stengt etter trafikkulykke:

Buss med asylsøkarar køyrde av vegen - var på veg til Hareid

Ingen skadde, men det trengs både bilberging og reservebuss.

Kart: Google maps 

Asylsøkarane er på veg til akuttmottaket på Melshorn hotell, tidlegare Hareid hotell. ARKIVFOTO 

Nyheter

Oppdatering 22.50: - Vegen vil truleg bli stengt til rundt klokka 03, natt til laurdag, får Smp.no opplyst hos Gudbrandsdal politidistrikt.

- Bilberging er på veg frå Dombås og er venta å vere framme ved 01-tida. Når det gjeld asylsøkarane, så vil dei bli plukka opp av ein ekspressbuss no ganske snart, heiter det.

NRK Trafikk melde fredag kveld at riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn var stengt som følgje av ei trafikkulykke.

- Det er uvisst kor lenge vegen blir stengt, men naudetatane er på veg, heitte det på Twitter litt etter klokka 21.

35 asylsøkarar

- Ein buss frå Unibuss har køyrd av vegen ved Billingen, ikkje så langt frå Grotli. Om bord var det 35 asylsøkarar, og bussen var på veg til Hareid, fortalde operasjonsleiar Atle B. von Obstfelder ved Gudbrandsdal politidistrikt kort tid etter.

- Ingen er skadd, men bussen har lagt seg litt over på sida og vi treng både bilberging - og også ein reservebuss, la han til. Rundt klokka 22 var den første politipatruljen framme på staden.

Les også: Akuttmottak for 100 på Hareid

- Kom ut i laussnøen

Ved akuttmottaket på Hareid - i Melshorn hotell, hadde adm. dir. Linda Haddal Røssevold alt vore i kontakt med folk på bussen, då Smp.no ringde litt før klokka 21.30, fredag.

- Det vi har fått vite er at det ikkje var spesielt glatt på sjølve vegen. Det har komt litt snø, men ikkje store mengder. Det som skal ha skjedd er at bussen har kome ut på kanten av vegen. Der var det laussnø, og bussen seig sakte av vegen, fortalde ho.

- Situasjonen er ikkje dramatisk, og stemninga på bussen skal vere god, sa ho vidare.

Tre bussar i alt

Det er i alt tre bussar med asylsøkarar - rundt 110 personar, på veg til mottaket på Hareid fredag kveld.

- Bussen som køyrde av vegen var den bakerste av dei tre, og dei to andre bussane er med andre ord på veg vidare hitover. Vi ventar dei to andre hit rundt klokka 23, sa Røssevold.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 20.59.

Blir oppdatert.