Det seier Tomas Bakken, dagleg leiar i Emobility Geiranger, som leasa 11 Renault Twizy, ein liten snerten, elektrisk sak frå Frankrike.

Sporlaus ferdsel

Bak Emobility Geiranger står Arne Krohn og Katrine Blomvik. Målet er å tilby sporlaus ferdsel, noko som passar godt inn i Grøn Fjord-prosjektet.

Målgruppa for bilane er dei mange tusen turistane om kvart år besøker Geiranger. Og korleis gjekk det? spør vi Tomas Bakken no i desember.

– Det er mest cruisepassasjerar frå mange ulike land, og dei fleste har vore folk i aldersgruppa 30 til 50 år.

– Og økonomien i det heile?

– Det går omtrent i balanse første året. Og det var som venta, svarer Bakken.

Her finner du resten av 2015-kavalkaden.

Han seier at tilbakemeldingane frå turistane har berre vore positive.

– Folk smiler og ler når dei ser desse bilane. Og dei er blitt flittig fotograferte. Hadde eg fått 20 kroner for kvart bilete, så hadde eg vorte rik, ler Bakken.

– Ingen uhell, heller?

– Nei, ikkje noko har gått gale. Det er heller ingen som har køyrd tom for straum, sjølv om det har hendt vi har hjelpt slike som har frykta at dei skulle gjere det.Dei små elbilane var i bruk frå mai til ut oktober. Det vil seie, det hender Bakken framleis tek seg ein tur no og då.

–Neste sesong tek til i byrjinga av mai, og då altså med nærare 20 bilar i stallen.

Heiltid

Bakken blir dessutan dagleg leiar på heiltid frå nyttår av. Til no har han hatt denne jobben på fritida.

Dei små grøne elbilane i Geiranger er alle utstyrte med ei GPS-styrt guideteneste som fortel deg kva du ser undervegs.

Gjør som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook!

Til no har turistane hatt valet mellom å bli guida på engelsk, tysk eller norsk. Frå neste år kan dei velje mellom tre språk til: italiensk, spansk og fransk.

Ein som var til stades då bilane kom til Geiranger var Anders Gadsbøll, adm.dir. i Renault Norge. Han fortalde til Sunnmørsposten at dei hadde aldri før seld så mange av desse bilane til ein og same kunde. Og han hadde til då seld 170 slike i Norge, men kunne legge til at i storbyar som Paris, Barcelona og Berlin er dei eit mykje vanlegare syn.

Les også disse sakene fra mai og juni:

Drømmestart for Fredriksen

Ulmatec Pyro vart Årets nyskapar

Bruaset fikk Gullrutens hederspris

Nå er alle 418 trinnene til himmels klare

Hødd knuste AaFKs cupdraum

Utan mobilsamband på turistveg

Festivalfeber i Fosnavåg

Nora (103) sin krigsinnsats har blitt gløymd