Havila Subsea lagt i opplagsbøyene

Måndag la Havila Shipping eit tredje skip i opplag. Mannskapet på 50 vert permitterte.

Fartøyet Havila Subsea ligg no i opplag på Leinane.  Foto: Havila Shipping

Nyheter

Fartøyet Havila Subsea ligg no i opplag på Leinane. Etter nyttår går skipet av kontrakt og har ikkje meir arbeid.

– Difor legg vi skipet i opplag, seier administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping til Nett.no (bak betalingsmur).


Tyngende gjeld for redere

Offshoreflåten på Sunnmøre skal betjene en gjeld på 43 milliarder kroner. Mye gjeld forfaller i året som kommer, og spenningen stiger om man får fornyet oppdrag.

 

Skipet vart levert frå verftet Havyard Lervik i 2011 og har sidan vore i kontrakt med Subsea 7 på oppdrag i nordsjøen på norsk og britisk sektor. Subsea 7 ønskjer ikkje å nytte opsjonen på å leige båten eit år til. Dei tilsette om bord i Havila Subsea blir permitterte, skriv Nett.no.

Frå før av har Havila dei to ankerhandteringsfartøya Havila Mars og Havila Neptun i opplag.

No er det 97 offshoreskip i opplag i norske hamner (ekstern lenke). Av desse er det 58 PSV-skip (supplyfartøy), seks konstruksjonsskip, 12 seismikk-skip og tre flerbruksskip.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook