Dei driv i dag 20 fryse- og kjemikaliefartøy. Med dagleg leiar Trond Myklebust (56) i spissen har dei også langsiktige planar om vekst innan offshore- og vindmøllefartøy.

Ingen offshorereiarlag

– Det finst ikkje eit einaste offshorereiarlag i heile Sogn og Fjordane. Ganske utruleg etter mitt syn. Drar du nord om Rovdefjorden finn du tallause, påpeikar Myklebust.

Han kjem sjølv opphavleg frå Vartdal, er utdanna kaptein og har sigla offshore i Nordsjøen i ei årrekke. I sju år var han leiar av Bourbon Offshore. Seinare var han med å revitalisere Evomec til Evotec som i sin tur blei kjøpt opp av Kongsberg og er godt etablert i Ulsteinvik.

Verksemd i vekst

Myklebust er optimist på vegner av Fjord Shipping.

– Vi er i ein prosess der vi profesjonaliserer bedrifta i høve til at vi har vakse ganske kraftig i det siste. Sidan eg kom i sommar har vi overtatt ansvaret for fire nye båtar, og auka staben med fire. Vi har oppgradert og profesjonalisert system både når det gjeld kvalitet, vedlikehald og innkjøp og tilpassa iso-krava, fortel han.

Klar for vekst

Myklebust trur offshoremarknaden kjem tilbake i ein litt meir nøktern form.

– Litt til vår fordel. Her er det tradisjon for å drive nøkternt og godt. Verksemda har aldri vore med på kostnadsnivået offshore. Vi jobbar mot våre etablerte marknader og reknar med å få fleire båtar i løpet av året. Det er vi bemanna for. Vi er klar for vekst. Men vi kjem ikkje til å ta risiko offshore. Vi er veldig komfortable og vil i første omgang utvikle oss der vi er.

Vel norsk verft

Viss selskapet vinn ein konkret kontrakt dei jobbar med no, skal båten bli bygt ved eit norsk verft. Dei har tilbod frå norske verft på generell basis.

– Akkurat no er vi i ein konkurransesituasjon med mange andre. Vi gjør dette litt meir som ei øving for reiarlaget. For at avdelingane skal få kjenne på kva som skal til i ein offshoremarknad, seier Myklebust.

<strong>Offshore:</strong> – Vi tenker langsiktig når det gjeld offshoremarknaden. Vi vil posisjonere oss sakte, men sikkert, seier dagleg leiar Trond Myklebust. Foto: Fjord Shipping