Trur på hurtigbåt mellom Stad og Ålesund i løpet av 2016

Tre Selje-politikarar har trua på ei ny hurtigbåtrute frå Selje til Ålesund, skriv Fjordenes Tidende.
 
Nyheter

Dei tre politikarane, Anfinn Sjåstad, Judith Kvåle og Gunnar Silden ønskjer å få til stopp i Åram, Fosnavåg og Ulsteinvik, og også på Vigra, skriv Fjordenes Tidende på nett.

Dei har tru på at hurtigbåtruta kan vere på plass i løpet av året. For mange år sidan, i 1990, vart det forsøkt med hurtigbåt mellom Selje og Ålesund, då gjekk båten ei indre lei, via Larsnes og Rovde.

- Denne gongen tenker vi ei ytre lei, via Fosnavåg og Ulsteinvik. Der bur det meir folk, og ruta blir kortare. Så vi trur at ruta vil bere seg, seier Anfinn Sjåstad til smp.no.

- Med buss den korte biten mellom Selje og Sandvika kjem det til å ta berre to timar frå Måløy til Ålesund, seier Anfinn Sjåstad.

Det har vore snakk om hurtigbåt frå Bergen til Ålesund når Stad skipstunnel ein gong opnar. Dette nye initiativet skal altså vere muleg å gjennomføre utan skipstunnelen fordi endestoppen, Sandvika, ligg på nordsida av Stadlandet.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook.