Heile 24 entreprenørfirma møtte opp på anbodssynfaring for siste del av ny veg mellom Olden og Innvik torsdag.

– Dette er noko av det største oppmøtet eg har sett. Det var svært stor interesse, seier prosjektleiar Erling Varlid.

Han vil ikkje spekulere i kvifor så mange møtte opp, men fortel at dei 38 personane som var på synfaringa representerte både større og mindre firma.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Vi var litt redd for at prosjektet var litt for lite til at dei store firma ville vere interessert, men det var fleire større, både lokale og nasjonale firma, som møtte, fortel Varlid.

Frist for å gi tilbod er 9. februar. Arbeidet inneber 5,3 kilometer lang parsell, som også inkluderer 1200 meter lang tunnel.

Arbeidet er tenkt starta opp 1. april og vegen skal etter planen opnast sommaren 2018.

Les fleire nyheiter her