Det seier gardbrukar og skogeigar Erlend Helset i Bjørkedalen. Han har akkurat retta ryggen etter å ha felt ei kjempefuru på om lag fire kubikkmeter. Med seg høgt til skogs denne gneistrande kalde januarføremiddagen har han båtbyggjar og granne Jakob Helset.

Og Sunnmørsposten – som har fått snike seg til å oververe dette storhendet – opptil fleire dagar før kontrakten mellom Sagastad på Eid og båtbyggjarane i Bjørkedalen er formelt signert.

Kjempe: Ei furukjempe går inn i sine siste minuttar som ståande tre i olivinskog. Foto: Knut Arne Aarset

Kunnskapen

– Det er uansett ingen andre enn bjørkedalingar til å meistre denne spesielle entreprisen. Det veit vi som kontraherer, og det veit dei, smiler prosjektleiar Tøger Lien på Eid.

Dette inkluderer også materialleveransen, til langskipet på nesten utrulege tretti meters lengd. Berre kjølen må vere av tre store og spesialutblinka furutre.

– Alle i miljøet veit at ikkje berre handverkarane, men også den grove materialen må hentast frå olivinfuruskogen nettopp i grannekommunen og næraste grannelaget vårt Bjørkedalen, stadfestar Lien.

Braket

Så til verket: Det er mest andakt i lufta når ei storfuru på kanskje fire kubikks tømmerinnhald skal i bakken. Ho har truleg stått her i minst hundre og femti år. Berre måltaking etter felling kan fortelje om akkurat denne furua held minstemåla – til sjølvaste hovudkjølen til kopien av Myklebustskipet på Eid.

– Sage du, som er skogeigar, er klarsignalet frå supersenior Jakob Helset (79).

Det brøler frå ei nykvest Stihl-sag – og alt håp for eit godt nytt år er ute for storfurua. Braket når kjempa går i bakken er veldig. Har stammen brotna i fallet? Neidå, ikkje denne sorten! Men mange av dei grovaste greinene er spidda metervis ned i bakken.

Minstemålet

– Målebandet Erlend! Ropar Jakob, før han småspring langsmed stammen og rullar ut. På femten meter akkurat stoppar han opp, strekkjer bandet, høgg eit hakk med øksa og tek fram tommestokken.

– Heh, jauda, her er ho! Her har vi hovudkjølen smiler Helset og senkar letta både øks og meter.

Det aller første – og truleg aller viktigaste treet i ei lang rekkje – er sikra og kontrollmålt.

– Rekne på mobilen din du Erlend, kaukar Jakob og kjem opp med nøkkeldiameteren.

– Akkurat fire kubikkmeter, ropar skogeigaren tilbake, etter nokre tastetrykk i tabellen.

Litt av eit beist å slepe med traktor ned den stupbratte- og til dels isa skogsvegen – opp til denne halvt hemmelege staden.

Ståande teljing: Ein mykje spent Jakob Helset siktar inn stammetoppen langs tommestokken og kan kjapt konstatere: Storfurua held mål. Foto: Knut Arne Aarset

Framdrifta

Før dei startar på kvistinga, er karane alt i gong med å vurdere to andre kjemper. Den eine har ein markant boge og kan vere aktuell som fremste kjøldel- og oppgang til framstamn for storskipet. Det skal byggjast i fjøresteinane midt i Eid sentrum.

Dersom alt går etter planen, kan det blir byggjestart alt i juni i år.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook

Forholda

– Kjølen blir truleg 25 centimeter brei på toppen, han kvesser litt ned. Han blir nærare halvmeteren høg, så her har vi litt av eit arbeidsstykke å handtere, konstaterer Helset.

– Korleis skal han sagast opp?

– Det er ikkje klarlagt endå. Kanskje må det bli med eit mobilt motorsaganlegg, vurderer Helset.

Granne Erlend skal levere mykje meir skog.

– Det viktigaste no var å kome i raskt i gang – så vi kunne nytte dei glimrande forholda i skogen akkurat no.

– Ein veit jo aldri korleis vinteren blir. Det tyder svært mykje å få gode arbeidsforhold, konstaterer skogeigar Erlend Helset.

Sjå video i toppen av saka

<strong>Vidare:</strong> Ikkje før har dei felt den første og største, så siktar Erlend Helset t.v. og Jakob Helset seg inn på neste aktuelle furutre til Myklebustskipet på Eid. Foto: Knut Arne Aarset
<strong>Fellinga:</strong> Eit ekstra solid felleskår er teke ut for å sikre fallretninga på furukjempa. Erlend Helset er klar for å kutte dei siste avgjerande fibrane som i endå nokre sekund held kjempa oppe. Kontrollteljing av årringar synte etter fellinga at furu har stått er i om lag 180 år. Foto: Knut Arne Aarset